Om meg

11721066_10153368657615734_1227918319_oMitt namn er Siri, og modellåret er sjølvaste 1992.

Opp gjennom åra har eg holdt på med diverse, alt i frå svømming til riding. Men det har vert eit evig mas om at eg ville ha hund. Av den grunn har eg hatt ein del forskjellige dyr, som hamster, katt og kanin.

2006 var året eg fikk viljen min. Då kom Dina i hus. Ein liten bomullsdott av ei Coton de Tulear frøken.
Vi har holdt på med diverse opp gjennom åra, alt i frå kvardagslydighet til diverse triksetrening og litt agility.

Dina har også hatt nokre kull, og i 2010 kom lille Pia til verda. Ho vart då min hund, også på papiret.
Vi hadde ein god del opp og nedturar, og eg vil påstå ho var verdens beste hund som eg kunne gjere akkurat som eg ville med. Men då kun når vi var aleine, eller rundt dei ytterst få personane ho faktisk godtok. I 2014 tok eg det tyngste valget ein hundeeigar kan bli utsatt for. Og akkurat der og då, satte eg eit einaste stort spørsmålsteikn med hundeholdet mitt. Var alt min feil?

Men Catania, som kom i hus januar 2013, som ein knappe fire mnd. gammal turbo, har holdt meg gåande. Vi har hatt våre opp og nedturar vi også, med mykje frustrasjon og tårer. Men ho er den beste av den beste, og er med på bortimot alt.

I 2015 møtte eg min noværande sambuar, som hadde Elghunden Fenris med seg på lasset. Han er ein aktiv jeger, som no jobbar med og få opp jaktlysta mi, sidan eg har bestått jegerprøva.
Og i august 2016 kom Hera i hus, ei lita Elghundtispe som skal bli jakthund og utstillingshund.

Ellers driv eg med litt konkurranselydighet og blodspor. Har tidlegare vert med på ein del utstillingar, og med Hera i hus, blir det forhåpentlegvis litt meir av det framover. Agility er også noko eg kunne tenke meg og drive meir med, men når miljøet der er som det er, så får det berre vere.
Blir vel muligens litt jakthundtrening framover også, må jo lære meg litt av den slags når vi har ein hund som skal lære seg alt dette!

Forutanom det som har med hund og gjere, så er eg veldig interessert i foto. Har ein svær murstein av eit kamera som av den grunn blir slept rundt på tur. Men det kjem vel ikkje som noka bombe at det er hund som er mest gøy og ta bilder av.