Hundane

Catania av New Caprica.
Født 13. September 2012.

Verdens beste og mest sære bruning som har hatt sine opp- og nedturar gjennom livet. Allerede nokre dagar før fylte ho 9 mnd. vart ho lagt på operasjonsbordet for og «skru saman» begge knea sine. Alvorleg grad av patella luksasjon. Herleg.
Min plan om at ho skulle bli ein liten utstillingshund vart det dermed aldri noko av. Ikkje kun på grunn av knea, men halen er også feil. Men pyttsann, ein hund kan brukast til så mangt!

Vi kasta oss derfor ut i den store lydighets- og rally verdenen. Ikkje for noko seriøse greier, men for morro. Og når vi i tillegg kan få konkurrert litt, så har vi eit lite mål og jobbe mot. Eg syns det er spennande og Catania syns det er morro. Så då er vel alt greit?

I tillegg til lydighet har vi snust litt på blodspor også. Ho var ein periode veldig flink, der vi starta med litt lengre spor med vinklar. Klare for og starte med avhopp, men brått ein dag mista ho fullstendig interessen for sporet. Men eg gir meg ikkje så lett, så dermed blir det å starte nesten heilt frå bunnen av igjen.

14678129_10153967531747215_1019801253_o

Losnabakken’s A-A Hera.
Født 24. Juni 2016.

Ei herleg lita frøken som er med på det aller meste.
Men som elghundar flest, skal ho (forhåpentlegvis) bli ein god jakthund, og vere med sambuar på elgjakt. Og med tid og stunder, blir det å prøve og få ho godkjent som ettersøkshund.

I tillegg til jakt, skal eg prøve og få stilt ho ein del. Så då må vi komme i gang med nokre elghundprøver også. Så får vi sjå kva tida viser om nokre år, kanskje ho blir ei fin avlstispe?

HD: B/B
AD: 0/0

Fenris Mini_6218

Fenris.
Født 14. Mars 2011.

Fenris er husets hannhund, ein stor ein sådan. Men til tross for sin store størrelse og at han har ein aldri så «liten» uvane for å trekke i båndet på tur (30 kg hund er tungt å halde igjen, pjuuh!), så har han eit hjarte av gull. Og til tross for at han gjerne foretrekker å ligge på golvet, gjerne i gangen der det er kjølig, så er han til tider ein kosebamse når han sniker seg opp i sofaen eller senga.

Ellers er han ein Elghund, som igjen betyr at han er ein jeger. I tillegg til at han er med sambuar på både elgjakt og til tider hjortejakt, så er han også godkjent som ettersøkshund.

Gul18

Amelia, aka Cira.
Født 13. September 2018.

Mi nye lille «potet» som forhåpentlegvis skal bli mi lille utstillingsstjerne. Med ein god dose lydighet- og rally lydighet i bildet. Kanskje blir vi og sjå i konkurranseringen der også?