Podencospesialen

I helga var vi i Hokksund for og vere med på den årlege Podencospesialen, der vi skulle stille Cira.
Oppdretter til Cira var der også, noko Cira som normalt, syns var stas. Hylte, hoppa og vart heilt tussete med ein gong ho hørte stemma deira.

Er alltid litt nervøs for at Cira skal bli tussete i møte med dommar i ringen, då ho blir det med alle andre fremmede. Men utruleg nok var ho veldig roleg og oppførte seg fint i ringen. Også når dommar skulle ta og kjenne på ho.
Einaste minuset var at bordet sto litt ustøtt på laurdagen, så plutseleg vippa det litt og Cira skvatt skikkeleg. Men det gikk heldigvis fint og det var ingen problem å ta ho på bordet på søndag.

På laurdagen gikk vi som nr. 4. Det var kjapt inn og kjapt ut. Men til tross for at ho kun fikk excellent, er eg veldig fornøgd med kritikken. Det var ein utfyllande og fin kritikk.

«ca 2 år, vakker siluett, velskåret hode med korrekte proposjoner, vakre velplasserte ører, utmerket øyne. passe underkjeve, vakker halsbue, kunne hatt noe bedre brystben, god benlengde, utmerket brystkasse, godt musklede lår, sterke haser, vakker pels og farge, utmerkede bevegelser fra siden, trenger å bli litt strammere i fronten»

Dommar: Britt Nyberg
Resultat: Excellent

Cira smiskar med dommaren, det er viktig!

På søndag skulle Etnaen eigentleg gå sist av alle, men fordi vi har 8 timars reiseveg og gjerne ville komme oss avgårde litt tidleg, snakka eg med ringspersonell før start. Hadde forhørt meg med alle dei andre med Etna, som sa det var heilt i greit.
Heldigvis gikk det i orden, så vi fikk oppmøtetid kl. 11. Var i ringen rundt kl. 13.

Trente litt med Cira før vi skulle i ringen og så prøvde oppdretter og gå litt med ho. Cira vart så glad at ho hoppar og spratt i nokre minutt, før ho landa og starta gå fint. Så fikk litt hjelp til kva tempo eg burde ha for og vise ho best mulig fram. På laurdagen hadde ho vert litt padlete med frambeina, så mulig eg hadde eit litt for høgt tempo.
Så frå no av skal eg berre gå veldig raskt og prøve meg litt fram med det.

Men når det var vår tur i ringen, følte eg Cira var veldig ufokusert. Hode datt litt i bakken og plutseleg såg ho eit løv som flaug. Var også litt vanskeleg å få ho til og stå skikkeleg og faktisk holde stillinga. Men til tross for det, vart det excellent med ck, så då var det berre til og stille seg på utsida av ringen og vente til championklassen var ferdig.

Når vi skulle inn igjen i ringen, skulle Cira gå mot mammaen sin, som vant championklassen. Vi gikk ein runde og også her syns eg ikkje at ho var heilt med. Det samme gjaldt når vi skulle stille dei opp. Men til mi store overrasking, så slo Cira til og danka ut mammaen sin!
Storcertet fikk ho i år igjen.

Tid for BIR/BIM, så då var det ny runde i ringen. Men her måtte vi sjå oss slått av Sicilianeren, Full på 1 år (oppdretter har importert to lekre Etna hannhundar frå Sicilia). Men det var overhode ingen nedtur, tenk å bli BIM og beste tispe som unghund, blant to championtisper! Kjempestolt av lille turboen min.

«Snart 2 år stor tispe med bra prop. Velskåret hode med utm lengde og forhold mellom snute og skalle. Velpl tynne ører som brukes godt. Bra underkjeve. Velpl øyne. God hals, spenstig rygg, kryss med god lengde og helning. Velans hale. Utm underlinje. Harmonisk vinklet. Bev seg med god steglengde. Rette ben med gode sener. Stram hud. Utm pels, behagelig temp.»

Dommar: Karl Eddie Berge
Resultat:
 1BTK, CK, CERT, BIM

BIR: Full / BIM: Cira

Vi hadde med andre ord ei veldig fin helg. På laurdags kvelden hadde klubben arrangert noko matgreier, så då satt vi alle ute på eit langbord mellom hyttene på campingen og fikk oss middag, drikke og dessert.

Og så er det jo alltid kjekt og møte oppdretter igjen og no å få hilse på nykomlingane deira. To kjekke Sicilianere!

No ventar vi berre på at det skal bli oktober. Då er Cira blitt 2 år og skal stillast på lokalustillinga her. Då håpar vi på ny norsk champion!

Full
Cira
Giulio, 8 mnd. Han er så lekker!
Giulio, 8 mnd.
Meg og Cira
Meg og Cira

Legg igjen en kommentar