Knabekniben, 786 moh.

På mandag starta bukkejakta på rådyr. Og av den grunn reiste vi til Knaben, der sambuar skulle på jakt. Mens eg var med på slep og tusla rundt i området der vi budde for og utforske litt.

Hadde så vidt lest litt om Knabekniben på ut.no, men var litt usikker på nøyaktig kvar turen starta. Heldigvis var det ikkje lenger enn knappe 500 meter frå inngangsdøra vår, sånn ca.
Turen er merka som rød løype, då det er eit par luftige parti med klatring. Og toppen då, den er veldig luftig. Men ellers synest eg ikkje turen var noko særleg krevande.

Så utpå ettermiddagen på mandag, ei stund etter morgenjakta, fikk eg slept med meg sambuar ut på fjelltur i sommarvarmen.
Vi brukte ganske nøyaktig 1 time opp. Og i følge våre eigne gps’er, så er turen hakket lenger enn 3.5 km t/r som er det som står oppført på løypetavla i starten av turen. Våre mål viste nærmare 6 km. Men det gjer jo ingenting når turen var så fin!

Gjerdetrapp vi måtte over i starten av turen
Eit par veldig bratte parti med kjetting og litt småklatring. Veldig morro med litt avveksling frå ein vanleg fjelltur
Time-out!
Catania
Sambuar med Cira
Litt av utsikta frå toppen
Catania på toppen
Sambuar speidar etter rådyrbukkar på jaktområdet deira
Fantastisk utsikt mot Risnes frå toppen av Knabekniben
Meg og sambuar på toppen
Meg, Cira og Catania på toppen
Ser tilbake til varden på toppen, med utsikta mot Risnes bakom.
På toppen der var vi.

Legg igjen en kommentar