Stølstur

Forge laurdag var planen eigentleg at vi skulle gå ein rundtur frå Reiakvam, opp til Bolteheia og ned igjen om Reiakvamsstølen. Når turfølget mitt ikkje lenger kunne bli med, tenkte eg å gå aleine. Når eg hadde parkert, sela på bikkjene og fått på meg sekken, langa eg avgårde oppover bakken. Etter ca. 900 meter frå bilen, kom eg til ein port. Innafor porten gikk det kyr. Innafor porten lenger oppe, såg eg at det gikk fleire kyr. Og kyr + hundar og meg aleine, som syns kyr er skumle dyr, er ingen god kombinasjon. Så etter litt om og men, vendte eg nasa tilbake igjen til bilen.

Fuck!

Men eg gav ikkje opp på ein tur så lett. Vrei hjernen i nokre raske sekund og landa på Ørneklumpen.
Lempa bikkjer og sekk i bilen før eg dura avgårde mot Kleppstølen der eg sela på bikkjene igjen og rusla avgårde i retning Stehoggestølane.

Minuset no var at turen opp til Ørneklumpen ikkje er merka (så vidt eg kunne sjå) og ikkje hadde eg studert ruta i oppturboka særleg nøye heller. Og med svært dårleg nett-dekning i området rundt Stehoggestølane, vart eg gåande litt rundt meg sjølv før eg klarte og få opp norgeskart-appen. Dog i svært skurrande kvalitet.
Der klarte eg tyde at det skulle vere ein anna støl «over haugen» der eg kunne følge ein sti eller veg heilt til Øvre Kalland.

Eg og bikkjene rusla avgårde og det tok ikkje lange tida før vi såg stølshus eit stykke lenger nede. I følge norgeskart-appen, skulle det gå ein sti på motsatt side av elva enn der eg var, men at den andre vegen mot Øvre Kalland gikk på mi side av elva. Så då valgte eg å ikkje gå opp igjen til Stehoggestølane for og krysse elva, men heller prøve og finne eigna område for og gå nedover.
Etter eit lite stykke gjennom myr, lyng og luftig skog, var eg brått nede ved eit stølshus. Då var eg altså komt ned til Spehaugstølen og derifrå gikk det grusveg heile vegen til Øvre Kalland.

Stølshus i sikte!

Fulgte grusvegen og kjente veldig på stillheten. Det var så stilt og fredeleg. Kun meg, Cira og Catania. Lyden av grus som blir gått på, fuglekvitter, elva som rant. Å for ein herleg følelse!
Den vart dog litt forstyrra når det plutseleg kom ein bekjent av sambuar kjørande på 4-hjulingen sin. Han eig vist eit av stølshusa inst inne.

Passerte også Øvre Kallands-stølen etter eit stykke. Det såg ut som eit koseleg stølshus. Eller, det såg vel heller meir ut som ei hytte.

Sambuar kom og plukka meg opp på Øvre Kalland, då hadde vi rusla i vel 2 timar og lagt bak oss 7.6 km. Ein kjempefin kveldstur i varmen.

Legg igjen en kommentar