Ramsdalsnipa/Solheimsnipa, 766 moh.

På tirsdag hadde eg og ei venninne planlagt fjelltur til Ramsdalsnipa/Solheimsnipa (frå naustedalen heiter det Solheimsnipa, frå vestsida heiter det Ramsdalsnipa eller Varden).
Catania og Cira var sjølvsagt med på tur, som vanleg. Slike Sicilianske hundar tåler heldigvis denne varmen veldig godt, så dei kan fint vere med på tur sjølv om det er ganske varmt ute. Så lenge dei får nok og drikke så klart!

Men uansett, vi kjørte opp til tunnellen på Ramsdalsheia og gikk bratt opp til sendaren/masta. Derifrå var det veldig lettgått med jamn stigning. Eit par små partier med snø vi måtte over og ein del små kulpar bikkjene kunne drikke frå. Cira gikk uti og vassa i alle, sjølv dei med mykje snø og is over. Det var jo ekstremt varmt på tirsdag, så til og med Catania gikk uti og vassa ein gong eller to!

Når vi nærma oss toppen, vart det brattare igjen, men fortsatt relativt lettgått. Der kryssa vi eit større parti med snø før vi var komt såpass høgt opp at vi omsider såg varden. På toppen var det ein god fønvind som gjorde at varmen ikkje vart alt for trykkande, det gjorde godt!

Men vi reagerte litt på at det i følge opptur boka står at det skal vere 3 km frå parkeringa og opp til toppen. Vel… I følge både min og venninna mi sin app, var det 3.9 km ein veg. Så turen vart jo brått nesten 2 km lenger. Men vi kom oss på toppen i løpet av knapt 1.5 time. Så var det berre å få knipsa litt bilder før vi måtte ned igjen så venninna mi rakk jobb.

Vi skal opp på det snøflekkete fjellet der borte.
Til venstre ser vi storevatnet. Like ved ligg Reiakvamsstølen og Horstadstølen. Derifrå kan ein gå opp til Bolteheia eller ned til Reiakvam.
Storevatnet. Stølsveg (grusveg) til Reiakvamsstølen og Horstadstølen. Bolteheia til venstre i bildet.
Litt bakom toppen der oppe, var vi.
På veg tilbake mot masta/sendaren, før turen går bratt ned igjen til bilen.
Og der var ho ferdig for dagen.
Catania nyter livet etter ein formiddag på fjellet i varmen.

Legg igjen en kommentar