7- Fjellsturen i Askvoll

Foto: Birthe Tveiten

Etter ei natt med lite og dårleg søvn, vakna eg nesten ein time før vekkerklokka skulle ringe. Det var lyst, varmt og sauene var i full sving med bjellene sine. Med andre ord, ikkje noko poeng i og prøve sove igjen.
Og sidan eg var så tidleg oppe, kjørte eg avgårde ein god halvtime før planlagt tid, for og plukke opp Birthe.

Ca. klokka 08:50 starta vi gå frå bilen, som var parkert hjå mamma og sambuaren i Askvoll.

Det var kun godt synleg sti fram til topp nr. 2: Smørkletten. Vi fant omsider ein sti ned i dalføret, men det var overhode ikkje den vegen vi skulle fulgt om vi hadde gått etter ruta på ut.no. Men hadde vi gått etter den ruta, hadde vi gått i ekstremt bratt terreng, og det tok vi ikkje sjansen på. Var det samme når vi skulle ned til Askvatnet frå topp 3 (Hjartåsen).

Hjartåsen til venstre, Askvatnet nedi dalen og Steinheia/Smørkletten til høre. Bratt, ja!

I følge ut.no skulle turen ta rundt 6 timar. Og i følge ein turblogg vi pleier og lese, brukar man ei effektiv gangtid på ca. 4 timar. Vel… Dei tidene der kan vi eigentleg berre ta sklifart og drite i. Vi brukte totalt 11 timar og 40 minutt på turen, med ei effektiv gangtid på 6 timar.
14.33 km og totalt 1142m stigning.

Men alt i alt, så var det ein fin tur. Sjølv om det var eit par gangar vi måtte bratt ned i dalen, før vi måtte gå bratt opp igjen. På veg ned igjen frå siste topp kjente vi det godt i både føtter og knær. Då er det morro og gå i sturbratt terreng med klinkekule grus i over 1 km.

  • Blåfjellet, 533 moh.
  • Siktanuten/Eggene, 430 moh.
  • Hjartåsen, 516 moh.
  • Steinheia/Smørkletten, 524 moh.
  • Eggene, 496 moh.
  • Kultingane, 456 moh.
  • Fristadfjellet, 477 moh.
Topp 1: Blåfjellet (533 moh.)
Topp 2: Eggene/Siktanuten (430 moh.)
Topp 3: Hjartåsen (510 moh.)
Topp 4: Steinheia/Smørkletten (524 moh.)
Topp 5: Eggene (496 moh.)
Topp 6: Kultingane (456 moh.)
Foto: Birthe Tveiten
Topp 7: Fristadfjellet (477 moh.)
Cira ser på utsikten
Catania
På veg opp til Hjartåsen, toppen oppe i midten.
Matpause ved Askvatnet.
På veg opp mot Steinheia/Smørkletten. Ser ned på Askvatnet og bort på Hjartåsen.
Fjellet i midten av bildet er siste topp: Fristadfjellet.
Vi nærmar oss siste topp!
Siste etappe mot siste topp
Utsikt frå Fristadfjellet. Ser ned til Askvoll sentrum.
Og siste etappe heimover til ho mor (og bilen)
Foto: Birthe Tveiten
Foto: Birthe Tveiten

Legg igjen en kommentar