Uførefjellet, 310 moh.

Å vestland, vestland! Når eg ser deg slik…

Det er pinse, fri, knallblå himmel, sol og varmt. Og sidan var på jobb og alle andre ellers var opptatt med sitt, heiv eg Catania og Cira i bilen og kjørte i retning Florø.
Parkerte ved trafostasjonen på Grov, sela på bikkjene og rusla avgårde. Der var verken skilting eller merker, så eg tok inn på ein godt synleg sti og håpte det var riktig valg.

Stien oppover gikk i skogsterreng og til vestlandet og vere, er turen relativt flat og lettgått. Og sjølv om Uførefjellet er ganske lavt, får man ei fantastisk utsikt på toppen.
Brukte ca. 1 time og 17 minutt til toppen i roleg tempo, då inkludert eit par drikkepausar og ein telefonpause.

I følge ut.no skulle det vere ein rundtur, og sidan eg syns det kan vere litt kjedeleg og gå samme veg ned som opp, valgte eg runden. Minuset med det valget var at det nok ikkje eigentleg er ein runde.
Der var ingen sti, ingen merker. Ingenting. Så då var det berre til og følge den gåtte ruta på kartet til ut.no appen.

Gikk i tett skog med velta trær, måtte rygge meg gjennom enkelte plassar sidan det var så tett. Skog, gjørme…
Omsider opna det seg litt og eg fulgte ein gammal, igjengrodd traktorveg til eg kom til eit hogstfelt. Derifrå fulgte eg ein gammal anleggsveg tilbake til trafostasjonen og bilen.

Alt i alt var det ein knallfin tur, men neste gong går eg nok samme veg ned som eg gikk opp.

Og tettare skulle det bli…
Catania syns det vart varmt, så ho la seg ned og rulla litt i gjørma.
Nydeleg skogsterreng!
Anleggsvegen tilbake til bilen.

Legg igjen en kommentar