Naregga, 602 moh.

Tenk så fint å sjå solnedgangen/soloppgangen her!

På torsdag var det opplett og fint vær. Til og med ganske varmt. Kristi himmelfartsdag og dermed også fri. Så då passa det bra med ein fjelltur.

Vi kom oss avgårde litt seinare enn eg normalt likar. Skal eg på fjelltur, foretrekker eg og komme meg avgårde litt tidleg. Då kan eg slappe av og nyte den gode etter-fjelltur-følelsen og slappe med god samvittighet for både meg sjølv og bikkjene.
På torsdag gikk det veldig slag i slag frå fjelltur og alt etter. Men pytt. Vi kom oss ut!

Ikkje langt igjen no!

På ut.no er det turbeskrivelse frå Mortensbakke, men vi valgte og gå frå tunnellen ved Helle, på Helle sida.

Turen starta ganske roleg oppover før det flata litt ut og vidare opp før vi gikk bratt oppover i skogen. Vi syntes det var litt vanskeleg og sjå stien inne i skogen og mange av dei røde merkene var begynt og falme, så vi endte ganske raskt opp med og følge eit hjortetråkk i staden for den opprinnelege stien.
Det endte med litt klatring i laust terreng. Var berre til å dytte bikkjene opp forran og kave etter. Vi kom oss heldigvis ganske raskt inn på den opprinnelege stien igjen.

Turen gikk i eit ellers lettgått terreng. Men det var vått og gjørmete, så gode fjellsko var greit og ha!

Cira og Catania, med Fenris i bakgrunnen.

På vegen opp hørte vi eit kraftig brak. Til og begynne med trudde vi kanskje det var torden, for det var jo overskya, men ellers ganske fint og veldig varmt med ein mild fønvind. Men etter å ha sett på all snøen som hang over kanten på fjella på andre sidan av fjorden, så kom vi fram til at det mest truleg var eit snøras.
På veg nedover igjen, hørte vi eit nytt brak. Men mykje svakare enn det vi hørte på veg opp. Men no fikk vi sett raset som gikk nedover. Veldig spennande og sjå slikt frå avstand.

På vegen ned igjen fulte vi den rette stien vi skulle fult opp. Det var ganske bratt frå der vi fant den igjen på vegen opp, og nedover. Vi fant der vi hadde gått feil, då vi skulle holdt mot høgre, men heller gikk skrått mot venstre. Det positive er vel at eg reknar med vi sparte oss ein tung tur opp bakkane, ved at vi klatra meir eller mindre rett opp. Må jo sjå det positive i det!

Hadde vi fulgt riktig sti opp, skulle vi møtt dette skiltet. Vi møtte det i staden på veg ned igjen.
Catania på toppen!
Straks på toppen av Fotefjellet. Naregga ligg litt lenger bak.

Legg igjen en kommentar