Ei annerledes tid

Den siste tida har vert annerledes for oss alle. Sjølv vart eg permittert frå jobb. Men vi prøvde og sjå positivt på det, så med snø og fint vær, kom vi oss ut på skitur.

I mars fant Birthe og meg fant ut at vi skulle ta oss ein skitur rundt Fauske, ein runde på 18 km. Vi var superheldige med været, minuset var at ingen av oss tenkte på solkrem. Stikkordet for turen: brilleskille!
Sidan runden var såpass lang, tok eg kun med meg Cira. Ho syns det er kjempegøy og vere med på skitur, trekker og jobbar veldig bra.

Meg og sambuar fant ut at vi skulle ta oss ein tur over vonavatnet. Isen var trygg og vi hadde aldri gått der før, så kvifor ikkje?
Vi pakka ein liten sekk og klargjorde alle fire bikkjene for tur. Det er eit par bakkar før vi nådde vatnet, men det fine med og gå over eit vatn, er at det er heilt flatt. Og fantastisk utsikt med fjell på alle kantar.

Minuset for turen, var at himmelen vart gråare og gråare. Når vi hadde kryssa vatnet på skrått og var komt over på andre sida, var himmelen begynt og bli svart. Så då snudde vi. I grevens tid, vil eg sei.
Like før vi var tilbake til bilen, kom dei første dråpane. Og det tok ikkje lange tida før himmelens sluser opna for fullt.

Etter fleire andre skiturar, forsvant snøen raskare og raskare. Så då fant meg og Birthe ut at vi skulle ta oss ein tur til Gyttakvia dagsturhytte i Førde. Vi slo det sammen med ein rundtur rundt Førde sentrum og endte opp med ein spasertur på nesten 1 mil.

Ein liten tur i bratt skogsterreng, stigåing, byvandring og miljøtrening. Alt på ein gong. Så det var tre godt nøgde bikkjer når vi var heime igjen.

Når vi første hadde komt oss opp på ei dagsturhytte, så tenkte vi at vi måtte ta ei til, kort tid etter. Så då gikk turen til dagsturhytta på Fløgen i Kinn kommune. Frå hytte er det kun 1 km vidare opp til toppen på Hatlesetnipa, og når vi først var i området og hadde så kort igjen, så måtte vi nesten opp dit også!

Sidan eg fram til no har lånt sambuar sin lille camelbak sekk (utan camelbaken), fant eg ut at det var på tide og kjøpe meg min eigen tursekk. Liten nok til ein tur på fjellet, men samtidig stor nok til ei overnatting ute i det fri.
Og sidan eg snart har bursdag, så var det ein ypperleg anledning til og kjøpe bursdagsgåve frå meg, til meg. For sekken var dyr…

I tillegg bestilte eg meg plutseleg eit Exped liggeunderlag. Så no eg er klar for turar i sommar. Og forhåpentlegvis får vi brukt takteltet meir også no.

No er eg omsider tilbake igjen på jobb. Det betyr mindre tid til turar, men desto meir tid til planlegging av dei litt lengre turane eg ønsker og gå. Så no har eg og Birthe planlagt mange (sikkert alt for mange) turar vi ønsker og gå når vi har tid.

Burde vel prøve finne ut av kva turar eg ønsker og gå med sambuar i sommarferien.

Legg igjen en kommentar