HD/AD røntgen

4. februar var eg hos veterinæren med Cira for HD og AD røntgen + 1 års vaksine.
Det første Cira gjer når vi entrar døra til veterinærkontoret, er å hyle av glede når ho ser sekretæren i skranken. Veterinæren «vår» kom nærmast stormande til og lurer på kva som foregår. Og Cira, ho kom med nye gledeshyl, for der dukka jo opp ein ny person.

Etter ein kjapp runde på vekta, som viste 11.5 kg, var det berre å bære ho inn på undersøkelsesrommet. Ho var litt for happy-go-lucky, så var litt enklare og bære ho.

Vel inne på undersøkelsesrommet vart det ein rask helsesjekk, som viste at alt var OK. Cira syntes alt var stor stas og at T (veterinæren) var ein veldig grei fyr, heilt til han satte sprøyta med bedøvelse. Då var han ikkje lenger fult så grei lenger. Tenk å stikke ei nål i hofta på en, dårleg gjort, i følge Cira. Men T vart tilgitt ganske raskt.

Så gikk vi inn på røntgenrommet, der eg satt med ho til ho sovna. Nesten i vert fall. Når vi flytta ho frå fanget mitt og over på bordet, vart det liv i ho igjen, men ho roa seg veldig når eg strauk ho roleg over haude og småsnakka med ho. Men ho måtte fortsatt ha ein liten dose til med bedøvelse så dei skulle få tatt gode nok bilder.

Under bildetakinga satt eg ute i hallen og venta. Etter ei lita stund, kom T ut og begynte notere på dataen mens vi så vidt snakka litt. Og plutseleg roper dei frå naborommet, T må komme!
Skal sei at det går nokre tankar igjennom haude når ein høyrer slikt, men det gikk ikkje mange sekundane før T roper meg inn. Og det som møter meg på vegen, er ei småsjanglete Cira på leit etter matmor. Såg litt komisk ut der ho kom tuslande med eit skikkeleg «fyllasjuke» uttrykk.
Så då var det berre å bære ho tilbake til rommet, hive på ho ulldekken og kobbel og rusle tilbake til skranken og betale.

Når vi røntga Hera, for snart 2 år sidan, tok det rundt ein månad før vi fikk tilbake svar. Og det er jo kjent at slike ting kan ta tid, så eg vart jo veldig positivt overraska når eg fikk svar på HD bildene etter ei veke og AD etter to. Og resultatet:

HD: A/B
AD: 0

Kan vel sei meg godt nøgd med det resultatet der, tenkjer eg!

Legg igjen en kommentar