Eit nytt år med nye muligheter

Nytt år og nye muligheter, det er vel det som blir sagt. Så då får vi vel håpe på det då.

I jula var vi i Valdres. Der var det snø og skiføre, så då fikk vi oss eit par skiturar. Cira sine første turar på ski og du steike som den bikkja kan jobbe altså! Ho springer og trekker på som ho aldri har gjort anna, så det var utruleg morro.
Kunne ønske vi fikk snø her heime snart, så vi kunne komt oss ut på fleire skiturar…

Motivasjonen for hundetrening generelt har vert ekstremt laber. Med seine fellestreningar i klubben, tider som kræsjar med jobb og alt slikt. Og drittvær. Vi har hatt øs pøs regnvær sidan 26 desember. Altså 29 dagar i strekk så langt, og det er enda ikkje over.

Men av den labre motivasjonen meldte eg meg inn i nabokommunens hundeklubb, i Florø. I vinterhalvåret har dei eit par timars innetrening i ridehall på søndagar og uteområdet deira er inngjerda med tilgang for medlemmar 24/7. Og der trur eg agility utstyret står ute også, så kanskje eg endeleg kan få trent litt på det også. Vi har overhode ingen mål for noko konkurrering eller what so ever innan agility, men det er eit fint avbrekk frå lydigheten og veldig morro med litt fart og spenning.
Så eg håpar det blir bra og komme i gang med litt trening der, sjølv om det blir litt lenger og kjøre.

I år har vi ingen spesielle mål. Det einaste må vel vere for Cira og ta championatet i Bergen i september, i ein alder av 24 mnd. Men no har eg vel sikkert jinksa det, haha!
Ellers er det og prøve komme oss litt meir avgårde på trening og omsider prøve starte i rally lydighet. Så vi får håpe finværet snart dukkar opp igjen.

Legg igjen en kommentar