Dogs4All – Norsk juniorvinner 2019

På torsdag reiste eg, sambuar og Cira austover til Lillestrøm. Eg var litt sein med og få booka overnatting, men var heldig og fant ei billeg og fin Airbnb kjellarleilighet på Strømmen, kun 5 minutt unna Norges Varemesse.

Fredagen var det Norsk vinner utstilling og vi hadde seint oppmøte. Og heldigvis var det nesten ingen forsinkelsar.
Mens vi venta på Etnaen sin tur i ringen, kom oppdretter og hilste på. Cira som er glad i folk, blir jo heilt hysterisk når ho får møte oppdretter igjen. Og på fredag var ho såg glad at ho tissa på seg. Både ved ringen og når vi gikk innom rasestanden på slutten av dagen for og sei hade. Der fikk ho også hilse på Prince, kongepuddelen dei har. Dei har vel ikkje hilst på kvarandre sidan Cira flytta til oss for snart 1 år sidan, og sjølv om ho var grinete mot andre bikkjer på Dogs4All, var ho kjempeglad for og få hilse på både Prince og Aaron igjen. Aaron er eine Etnahunden dei har.

Det var totalt fire Etnaer påmeldt, så det tok ikkje lange tida før vi var ferdige i ringen. Cira oppførte seg fint, men litt surrete når ho skulle stå oppstilt mens kritikken vart skrive. Ho måtte også på bordet for og vise tenna, det gikk veldig bra.

Alle fire fikk Excellent utan ck. Dommar meinte Cira var for stor og ikkje ferdig utvikla. Men kva for junior på 14 mnd. er eigentleg ferdig utvikla…? Mens eine championhannen fikk beskjed om at han var «for mykje Etnahund». Er litt fascinerande med utstilling innimellom.

Men Cira fikk ein fin kritikk og tok sin første tittel, så då seier eg meg godt nøgd:
Norsk Juniorvinner 2019

«Utmärkt rastyp. Feminin och av god storlek. Vackert huvud och uttrykk. Välkroppad. Aningen rund i överlinjen. Rör sig ok från sidan. Kunde vara stabilare fram.»

På søndag var det ein ny dag i ringen. Vi hadde oppmøte kl. 9 og var første rasen i ringen. Deilig!

«You have crazy dog» var det første dommaren sa når han prøvde få kontakt med Cira. Haha, ho blir jo så glad for og få litt oppmerksomhet. Men ho oppførte seg veldig bra, syns eg. Gikk greit og sto fint i ro. Tannvisninga gikk også veldig bra, til tross for at dommar og dommarelev sto like ved for og sjå.

Det vart ein ny Excellent med ein fin kritikk. Så alt i alt seier eg meg fornøgd med helga og årets siste utstilling.

«14 mon. rather tall size but stil feminin outlock. Very friendly, feminin, good propotion. Typical feminin head. Good teeth. A bit hard expression. Well set ears. Rather big. Long neck. And when she stands free correct topline. Good ribcage depth of chest according to age. Very well muscled hindq. Still shows a rather youthful movements. Very nice character.»


Grand Supernovas Hercules


Biscotti Don Altobello


Oppdretter med mor Trucker’s Brown Sugar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *