Utstillingshelg


Tannvisning.

I helga arrangerte min lokale hundeklubb, Førde Brukshundklubb, si årlege utstilling i Naustdalshallen. I år var er grei og hjalp til med både kakebaking og golvvask på laurdagen, sidan eg skulle stille sjølv på søndagen.

Cira hadde oppmøte kl. 10, men til tross for at vi bur kun 8 minutt med bil unna hallen, så sto eg opp gryande tidleg og var på plass allerede kl. 08.00! Men då fikk eg god parkering, bært opp tinga mine og slått «camp» før eg rusla meg ein tur med lille propell.

Skal sei det hørtes at dei små selskapshundane var på plass i hallen på søndagen. Det var så mykje bråk det på morgonen at det var nett så eg vurderte om eg måtte reise heim og hente hørselsvern. Og når ein hund står og hyler i buret ved sidan av deg, mens eigar berre sitter der utan å bry seg, det irriterar meg. Så eg prisar meg lykkeleg over at Cira er så avslappa når ho er i buret sitt på utstilling. Ho sitter gjerne og småsutrar og piper litt før ho legger seg ned og tek livet meg knusande ro.

I heile 4 timar venta vi før vi fikk komme til i ringen, litt over kl. 12. Cira skulle stille mot Astrid si Lundii, ei lita frøken på 10 år. Litt morosamt og sjå Cira og Lundii saman, for det er så stor størrelsesforskjell på dei, at hadde vi ikkje vist betre, så trur eg dei kunne blitt tatt for og vere to forskjellige rasar.

På grunn av hundesjuka som har gått i haust, måtte alle utstillere vise tennene på hundane sine sjølve. Ikkje så lett på lille propell når ho aller helst skulle rundsleika dommar og vist all sin kjærleik. Men fikk eit godt tips av Astrid om korleis eg kunne gjere det, og det funka veldig bra. Så takk for tipset!
Følte ellers at ting var litt så som så, men vart veldig imponert over Cira når dommar henta fram ein svær målestav for og måle ho. Lille propellen min sto heilt i ro, trur ikkje ho merka den ein gong. Litt kjedeleg at ikkje høgda vart notert i kritikken, men trur dei satte den til 50 cm og at den akkurat tok nedi. Og då er ho akkurat innafor det som er tillatt, pjuh!


Måling pågår.

Når bedømminga av Cira var ferdig, sa ringsekretæren at det vart excellent…
Og CK.
Er du klar over kor mange tankar som går gjennom haude på ein, når ringsekretæren har så lang pause imellom? Haha!
Så var det berre å vente til Lundii var ferdig.

Og til sjuande og sist endte Cira opp med «heile rukla» av både BIR, CK og CERT for Marjatta Pylvänäinen-suorsa, med kritikken:

«Quite big bitch, good bones and length for her body, correct headlines, good stop, long correct sett ears, round light eyes, good muzzle, excellent topline when standing, correct tail sett, enough breathcases, very long legd, moves quite well, nice tail carriage, good coat and color.»

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *