Podencospesialen

På søndag var vi på rasespesialen til Podencoklubben med Cira. Resten av gjengen var igjen heime, der svigers var så greie og passe både høns og bikkjer.
Oppdretter til Cira var der også med alle sine fem, derav tre av Cira sine kullsøsken. Dei fikk dessverre tilbake eine hannkvalpen for eit par veker sidan, og meldte dermed på han også til spesialen. Ellers gikk vi mot både mor, søster, brødre og den voksne champion hannen dei har.

Cira vart SÅ glad for og sjå oppdrettar igjen. Ho hylte, bjeffa og var heilt i hundre.
Men etter ein luftetur på området og rett i buret ved ringen etterpå, fikk ho roa seg litt. Men sidan Etnaen var først ut og det kun var 3 hannhundar før oss, så var det raskt ut av buret for og prøve varme opp litt. Og ho som har vert så flink heime, var veldig vanskeleg og få kontakt med. Så rett før vi skulle inn, skifta eg halsbånd frå det nye utan strup til heilstrup lenka, og det var utan tvil eit smart valg, for då fikk eg meir kontroll og Cira oppførte seg bedre.

Til min store skrekk, ville dommar ha alle Etnaer på bordet. Eg minnast så godt hundens dag der Cira vart plassert på bordet, fullstendig rabiat og umulius. Ikkje fordi ho var redd og syns bordet var skummelt, men fordi ho hadde så innmari lyst til og hilse på dommaren. Men på søndag viste ho heldigvis ei litt bedre side av seg sjølv. Ho var ville gjerne hilse på dommar, men ikkje på den heilt hysteriske måten at ho blir umulig og handtere. Stort sett sto ho med alle fire beina planta på bordet.

Når det kun var plasseringa som sto igjen i juniorklassen, vart Cira plassert som nr. 1 med excellent. Jaja, tenkte eg. Hadde jo håpt på litt meir enn det, men pytt. Og så kom det brått ein CK også.
Så var det berre og vente på at Ronja, mora til Cira, skulle gjere seg ferdig i championklassen, før dei to skulle konkurrere i lag.

Ronja vart plassert som nr. 1, mens Cira vart 2 beste tispe. Men ikkje nok med det, ho fikk også det store certet og vart beste junior. Det var gøy det, og så langt over mine forventningar.

Rasespesialen hadde også sine eigne konkurransar med t.d beste hode, beste bevegelsar, gladaste hale, osv… Samt ein juniorfinale (BIS junior). Og mens eg og sambuar var sikre på at utstillinga kom til og vere ferdig til sånn seinast 16/17- tida, varte den dessverre mykje lenger. Sambuar skulle på konsert i Oslo, så når klokka var passert 16, måtte vi pakke sakene våre og kjøre nedover igjen.
Fikk melding av oppdrettar rundt kl. 19, og først då starta juniorfinalen. Veldig kjedeleg og gå glipp av den, men men. Vi får satse på at Cira gjer det bra i Lillestrøm og kanskje får seg ein tittel der?

Helga gikk i vert fall over alle forventing resultatmessig. Og det var veldig kjekt og møte både oppdretter og kullsøsken igjen. Eigar av Isis, ei anna kullsøster av Cira, kom også innom ein snartur for og hilse på. Og Cira fikk ein god dose sosialisering og miljøtrening, blant både vaksne og små barn.
På slutten, mens vi gikk og venta og håpa på at finalen skulle starte, fikk vi til og med trent litt lydighet med sitt, bli og innkalling.
Sambuar leika og trente litt med ho på kunstgrasbana som var like ved ringane og alle dei andre bikkjene. Der klarte Cira sitt og bli mens sambuar gikk 5m i frå og kasta eine treningsleika bak seg. Lille turboen min satt faktisk heilt til ho fikk signal om at ho kunne springe og ta leika, så stolt!

«Utmerket helhet. Vakkert hode og uttrykk. Prima ører. Stilig hals. Utmerket vinkler foran og bak. Utmerket kropp for alder. Noget lang i lendpartiet. Rorer seg rasetypisk fra alle hold. Bra farge og pelskvalitet.»

Resultat: Excellent, CK, CERT, beste junior
Dommar: Säde Hohteri

Når vi var tilbake i Oslo venta vi besøk av 7 av sambuars kompisar, som skulle vere med på konsert. Cira som pleier og bli heilt propell når vi får besøk, for ho elskar folk sånn, kjente eg det knyte seg litt i magen. 7 fremmede mannfolk liksom. Men Cira var veldig sliten etter ein lang dag på utstilling. Ho var interessert i og hilse, og gikk litt frå person til person for oppmerksomhet, men ikkje som den propellen ho ellers pleier og vere.

Og når vi skulle ete før dei gikk på konsert, vart Cira plassert i buret sitt. Kan sei det sånn at der slukna ho raskt gitt! Og seinare på kvelden kom ho og la seg til å sove på fanget mitt, ho som normalt ikkje er noken fang-hund.


Sambuar med Elvebyen’s Aladdin, aka Enzo.


Elvebyen’s Aladdin, aka Enzo.


Oppdretter med Ronja, mor til Cira.


Oppdretter med Ronja, mor til Cira.

Categories: Trening og stevner

2 comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *