Hundens dag og NKK Trondheim

Kanskje på tide med ei lita oppdatering her. Føler eg får fullstendig skrivesperre kvar gong eg går inn her, og alt blir så rart at det endar opp med og ikkje bli publisert, så då blir det veldig stille frå denne kanten.

Men i begynnelsen av juni arrangerte den lokale hundeklubben vår, hundens dag, over to dagar. Cira var meldt på til kvalpeshow og matchshow, mens Catania vart meldt på til rally lydighet. Tenkte det kunne vere grei trening for Cira til vi skulle til NKK Trondheim, og kanskje eg fikk ein liten dytt for og melde Catania på til RL-stevner.

Dagen kom og starta med veldig bra vær. Og Cira var seg sjølv lik når det kom til folk, ho skal vise alle kor mykje kjærleik ho kan gi. Dessverre blir det litt vel voldsomt til tider. Ringen var i tillegg knøttliten, så då vart det litt vansklegare og få den lille hoppetussa til og gå sånn noko lunde.
Ho gikk vidare til BIS-finalen og der gikk ho mykje betre, for då var det brått fleire i ringen.
Til slutt endte ho utruleg nok opp med BIS-2.

«8 mnd. Veldig energisk. Rasetypisk tispe med veldig tydelig kjønsspreg. Feminint hode og et opent, herlig uttrykk. Velformet nakke + overlinje. Korrekt bitt og pigmentering. Beveger seg fint. En anelse fallende krydd under bevegelse. Velvinkla.»

Seinare samme dag var det tid for Rally lydighet med Catania. Til den tid, var det begynt og regne. Våt bakke, øspøs regn og Etnahund, det er ingen god kombinasjon. Vurderte sterkt om eg berre skulle droppe det og reise heim igjen, men tenkte at pytt sann, vi tek det som trening!

Tru det eller ei, men vi endte faktisk opp på 2. plass med 1. premiering og 193 poeng. Kven skulle trudd det? Så no vurderar eg og melde på RL stevnet til Bergen agilityklubb i oktober, sidan det er innandørs.

Siste helga i juni reiste vi til Trondheim. Sidan vi har taktelt på bilen, kjørte vi om Fagernes for og hilse på besteforeldra til sambuar før vi kjørte opp på Valdresflya der vi slo camp rundt 0200 på natta. Var så kjempefint måneskinn der då!

Mens i Trondheim hadde vi leigd oss ei fin air bnb leilighet i eit rekkehus, saman med eit vennepar. Så vi hadde totalt seks bikkjer i leiligheta! Ei oppfordring til andre med bikkjer som bur på hotell, camping, air bnb eller whatever; rydd og vask etter bikkja. Vi hadde vask inkludert i prisen, men vi valgte uansett og støvsuge, moppe golvet og gå over sofaen med klesrulle (bikkjene fikk ikkje vere i sofaen, men elghundane legger igjen pels når dei går forbi…). Så det heile endte med god tilbakemelding til utleigar, tjohei!

Helga i Trondheim bydde på eit grått vær. Fredagen var vi innom blant anna hund som hobby, og gu så gøy og rusle rundt på ein så svær dyrebutikk! Litt rusling i sentrum og fikk sett Nidarosdomen.
Laurdag var det tid for utstilling. Det regna, var vått og kaldt. Er glad eg tok med meg fjellskoa mine, dei kom godt med den dagen. Så enkelte som gikk i sandalar som nærmast drukna i gjørme og andre med plastposar på beina, fanstastisk utstillingsvær med andre ord.

Cira var heldigvis tidleg ute i ringen. Ho skulle gå som nr. 2, etter ein champion hanne. Vi har vert litt på latsida når det kjem til ringtrening, så det vart ein god del hopp og sprett, men ho sto veldig fint. Når dommaren ikkje var heilt nærme då, haha!

«Mykke bra, feminint hode og uttrykk. Velbåret ører, bra hals, bra kropp for sin alder, behøver å utvikles mer i forbryst. bra vinkler, rør seg steg for alderen. behøver litt tid.»

Resultat: Excellent
Dommar: Torbörn Skaar

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *