Fjelltur til Steinkorsen

På søndag fikk eg med meg sambuar på tur til Steinkorsen. Var sol, lett bris og ikkje den voldsomme varmen som hadde vert tidlegare i veka. Sidan Fenris hadde vondt i ryggen og gikk på smertestillande med beskjed om begrense aktivitetane hans, var det kun Hera, Catania og Cira som fikk vere med.

Vi starta frå Kringla og gikk bratt opp til Kringlestølen (520 moh.). Derifrå går det lettare opp mot Mallasvikstølen (580 moh.) og vidare til Kringlevatnet (650 moh.) før man går opp ein liten stigning til Steinkorshytta. Vi tok ein liten stopp der og sambuar gikk inn for og skrive oss i boka. Men det var ellerede to stykk inne i hytta som låg oppe på hemsen, ein eldre kar i 60-70 åra og ei yngre dame i slutten av 30- begynnelsen av 40 åra ish. Ei merkeleg dame som låg der oppe saman med mannen, i kun undertøyet. Neste gong turen går opp dit og inn, så trur eg nesten eg skal halde meg vekke frå hemsen…

Så fortsatte vi forbi hytta og opp til toppen av Steinkorsen der vi skreiv oss i boka. Den lette brisen var blitt kraftigare og kjøligare, så vi gikk raskt nedover igjen. Det brattaste partiet er ikkje særleg behageleg og gå verken opp eller ned. På nedturen blir jo tærne nærmast most i skoa. Auaa!


Ser taket på hytta ved Kringlestølen.


Mallasvikstølen.


Kringlevatnet.


Steinkorshytta.


Å vestland, vestland!


On the top – Steinkorsen 762 moh.


På veg ned igjen.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *