NKK Ålesund – søndag

Søndag og ny dag i hallen. Sidan sambuar skulle ordne noko jobb greier, kjørte han først meg og Cira bort til hallen, før han fikk ordna det han skulle. Når vi kom oss inn, var Cira veldig bjeffete og stressa. Og eg lurte på kvar i all verden ringen vår var. Den viste seg og vere heilt nede i andre enden av hallen, på ei strekke som var tjåkandes full av folk. Heldigvis for oss, var ringen på samme sida som tribuna, med opning ved eine hjørnet til ringen. På tribuna var det lite folk, så litt rolegare og halde seg der.

Etter at eg og Cira hadde slått oss ned på tribuna, oppdaga eg dei andre med Etnahund. Dei oppdaga oss også, så då kom plutseleg mannen for og hilse på. Noko Cira satte veldig stor pris på! Dei var danske, og dei einaste i Danmark med Etnahund, slik eg forstod det. Veldig hyggelege folk, men dansk er ikkje alltid så lett og forstå gitt.

Etter ei stund bikka det litt over for Cira. Ho som hadde vert så flink og nesten ikkje gitt frå seg ein lyd frå vi satte oss, måtte brått kjefte på nesten alt og alle. Ringte sambuar og spurte om det var lenge igjen før han kom, for då ville eg gjerne ha buret så Cira kunne prøve roe seg litt der. Og mens vi venta, tok vi oss ein luftetur. Vel inne igjen hadde ho roa seg såpass at vi tok turen innom Top Pet Products sin stand for og kjøpte eit halsbånd eg såg på dagen før.

Med tanke på forsinkelsane det var dagen før i mangen av ringane, tenkte eg det kom til og bli litt forsikelsar på søndagen også. Vi skulle jo gå som nr. 40 så hadde jo ein del forran oss. Men når sambuar var komt og vi hadde tusla tilbake til ringen, var det brått kun nokre individ igjen før det var vår tur. Så veldig deilig at dei låg godt i rute.

Når vi entra ringen ville dommar hilse og sjekke tenna først. Dommaren her var italiensk, og tok ikkje tannsjekken sjølv, der måtte eg vise tenna på Cira. Det var enklare sagt enn gjort når ho gjerne ville hilse på dommaren.
Men travinga i ringen gikk veldig mykje bedre enn dagen før! Ho verka kanskje litt meir avslappa. Men å skulle stå hadde ho ikkje heilt tid til, urokråke som ho kan vere. Men alt kan vel ikkje vere perfekt kvar gong heller.

«very nice dog, 7 1/2 months old, correct construction, correct proportion of the head, correct ear set, correct body and bodyline, elegant dog.»

Resultat: HP og BIR
Dommar: Maria Teresa Mondo Gabrielli

Så alt i alt hadde vi ei fin, men travel helg i Ålesund!

Men ein ting må eg sei, og det er at eg blir noko flau over enkelte hundefolk. Det låg så mykje drit rundt i gatene ved hotellet vi budde på. Hundar som hadde tissa opp etter søyla ved inngangspartiet til hotellet. Er ikkje rart mange nektar hundar når folk ikkje kan plukke opp eller passe litt på kvar dei tissar. Sjølv bar eg Cira ut på morgonen, for eg var redd ho skulle sette seg ned og tisse inne. Ho er husrein, men blir litt anna når vi er på hotell og vegen ut er litt lenger. Pluss at der er tepper.

Og folk på utstillinga som får tinga sine nedpissa fordi forbipasserande ikkje passar godt nok på. For så og så berre går vidare som om ingenting har skjedd. Eller når bikkja driter og eigar gjer nett det samme i og plukke det opp. Det kan nokon andre ta seg av liksom?

Og til alle røykarar: vær så snill og gå vekk frå inngangspartiet. Var heilt grusomt når eg sto i kø for og komme inn eller skulle ut. Der var det berre til og halde pusten, for røyklukta var så intens og ekkel.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *