NKK Ålesund – laurdag

I helga var det duka for dobbel utstilling i Ålesund, i regi av NKK. Så etter jobb på fredag kjørte vi oppover med Cira i bilen. Mamma var heime og fungerte som avløysar for dei andre bikkjene og hønene.
Vel framme i Ålesund vart det mykje fram og tilbake før vi omsider klarte og finne ein plass og parkere. Når bilen er for høg til at å komme seg inn i parkeringshus og det ellers er forbudt nesten over alt, så var ikkje det så heilt enkelt altså… Men etter litt kjøring rundt, endte vi faktisk opp med å parkere gratis (mellom 16-08) under 50 meter frå inngangen til hotellet. Begge dagane til og med!

På grunn av flystreiken til SAS, vart det brått litt forandringar i programmet. Spesielt på laurdagen. Vi som i utgangspunktet skulle gå først, endte opp i ein anna, rein kvalpering og var ikkje lenger først ut. Litt kjipt, sidan eg hadde gleda meg til og få hilst på dei andre med Etnahund. Men eg skjønar jo at det fort blir litt trøblete når det er streik og problem med og få enkelte dommarar fram.

Namnet på den nye dommaren syntes eg hørtes litt kjent ut, så gikk gjennom dei som dømte Catania når ho var kvalp. Og der dukka ho opp. Ein dommar som er super med kvalpar og som gir godt utfyllande kritikkar. Så då vart det kanskje ikkje så negativt allikavel…

Når det omsider fikk gå inn i ringen, ville dommaren først hilse på Cira. Og Cira, ho elskar folk, verkeleg elskar folk og blir heilt bavian. Eg stramma opp lina litt og prøvde få ho til og halde seg på bakken. Men då fikk eg beskjed frå dommar om og gi Cira full line, og som sagt så gjort. Cira sto og hoppa på ho og ville så gjerne hilse. Det endte til slutt opp med at dommaren løfta ho opp i armane og fikk seg ein god ansiktsvask og masser av kos.
Når Cira vart satt ned igjen var det tid for og vise seg fram litt. Kan vel ikkje skryte noko særleg av travinga, for gud beire meg for ei kråke ho kan vere. Men ho sto veldig fint, stødig og relativt fokusert, så der vil eg seie meg fornøgd!

«7.5 mnd, femi. fint hode, vakker hals, noe fremskutt skulderparti, fin overlinje i stående, noe avfallende kryss, som gjør at hun skyter ryggen opp noe i bevegelse, fin benstamme og føtter, velvinklet bak, noe fransk i frambena, fin farge og pels, herlig temp, åpen og vennlig, velvist.»

Resultat: HP og BIR
Dommar: Aud Fossum

Til tross for at eg ikkje trudde vi kom til og gå vidare i gruppa, så hadde eg lyst til og vere med på den. Så då vart det 5.5 timers ventetid. Galskap! Men då fikk vi trent litt på ro med Cira. Ikkje så enkelt med ein kvalp som ein så full av energi og som boblar fort over i sånne miljø, men så lenge vi har godbitar, så går det aller meste.

Miljøet tok ho greit, sjølv om ho blir litt stressa og «høg» i knollen. Til tider bikka det over og ho starta bjeffe på andre hundar, men stort sett var ho stille. Og ville sjølvsagt så gjerne hilse på alle tobeinte.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *