Førstemann


I midten av forge veke, kom endeleg startnummeret og programmet for NKK Ålesund. Og til mi store overrasking såg eg at på laurdag, då er det Cira som er førstemann ut i «vår» ring. Først vart eg ganske glad, for førstemann i ringen betyr jo ingen ventetid. Hurra!
Men… desto lenger blir jo ventetida om vi skulle gå vidare til gruppefinalen. Og den kunne eg tenkt og få med meg, om Cira går vidare.

Dette er Cira si andre utstilling. Ho har nok modna litt meir no enn då ho var med på utstilling i februar, men fortsatt er eg litt redd for at ho skal reagere på samme måten som den gang. For no har vi brått ikkje like god tid til og jobbe med å få ho tryggare og «lande» litt før vi skal i ringen.
Men planen er no uansett at vi skal prøve og vere ved hallen til klokka er 0800, så vi i vert fall har ein liten time på oss.

På søndagen derimot, skal vi gå som nr. 40 og har ikkje oppmøte før klokka 1100. Sidan vi reiser heim igjen den dagen, så hadde det passa oss bedre og bytta om på dagane, både så vi kunne fått bedre tid for at Cira kunne vendt seg til miljøet, og for at vi kunne reist heimover tidlegare.

Så no går eg og teller ned dagane til avreise med ei voldsom kribling i magen. For korleis kjem det her til og gå?

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *