Ein tur i hundeparken

Mandag, andre påskedag, våkna vi heime i eiga seng etter ei langhelg på Fitjar. Og sidan været var fint og vi uansett skulle utover på besøk til mormor, kjørte vi ein omveg om Eikefjorden så bikkjene kunne herje rundt i Sunnfjord Hundepark. Av og til er det veldig deilig og kunne sette seg ned i ein stol, mens bikkjene herjar vilt rundt og storkosar seg.

Sidan vi reiser oppover til Ålesund for NKK utstillinga der kommande helg, trente vi på litt «stå» mens vi var i parken. Cira har blitt veldig flink, står i ro og lar meg flytte på beina og styre på. Men kan jo fort bli litt kjedeleg i lengda, så greit å ikkje halde på så alt for lenge om gangen.

Men GU så eg gledar meg til vi skal til Ålesund. Mamma er avløysaren vår og har sagt seg villig til og passe både bikkjer og høns, så det er kun meg, sambuar og Cira som reiser avgårde. Og så har eg spandert på oss eit hotellopphold. Ja, det er kjempekos og kjekt med bikkjer, men av og til er det deilig og få litt fri. Og når vi her går frå fire til ein hund med på tur, så er det nesten fri det også.


Cira, 7 mnd.


Cira, 7 mnd.


Cira, 7 mnd.


Catania, 6.5 år.


Catania, 6.5 år.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *