Spitz Vs. Etnahund

 


Catania og Cira i leik.

I påska var vi på hytta på Fitjar. Det ligg i eit hyttefelt med ein god del andre hundeeigarar, der mange dessverre ikkje bryr seg stort om båndtvangen. Men dei færraste har vert til sjensanse for oss og våre hundar.

Men på laurdag skulle eg gå ein liten rundtur med Cira og Catania, så dei fikk gjort sitt fornødne. Ein rundtur som går frå hytta, ned til sjøen, forbi båthus/sjøhus, opp ein bakke og ned igjen til hytta. Når man går opp den siste bakken, går man på ein asfaltert veg der folk med hyttene heile nede, kan kjøre ned eller folk kan gå opp. Den ligg mellom to hytte, ei lita på venstre hånd og ei større med hage på høgre hånd.

Sidan eg på slike områder lar bikkjene gå med full lengde på kobbelet (ca. 3 meter), velger eg og gå på venstre side av vegen opp den siste bakken, så ingen av bikkjene skal få tilgang til hagen. Når eg var komt omtrent midt opp bakken, kom ein liten Spitz – liknande hunderase pilande ut av hagen, som ikkje er inngjerda.
Får knapt tenkt noko som helst, før den går rett i mine to brune og det blir eit voldsomt basketak mellom den og Catania. Vil tippe den lille Spitz – saken ligger på rundt 5-ish kg, mens Catania ligger på 14 kg, så det er vel lett og tenke seg til kven som vart grusa av dei to… Catania gikk derifrå med eit par skrubbsår på snuten.


Cira og Catania i leik.

Spitz’en pilte raskt tilbake igjen dit den kom i frå, mens eg sto igjen med mine to i kobbel, ganske så forbanna. Brølte til eigarane, som ikkje gadd å vise seg eingong der dei satt skjult bak ein levegg, at dei måtte sjå til og ha kontroll på hunden sin. Det er tross alt båndtvang. Og det eg fikk tilbake viser berre kor dumme enkelte hundeeigarar kan vere. Er ikkje rart enkelte hatar hundefolk når man møter på sånne her, tenker eg.

«Hunden er i hagen! DU må ha kontroll på DINE hunder!»

Nettopp. Eg må ha kontroll på mine hundar, som går i kobbel. Og fordi din hund går laus i din hage, utan inngjerding, så gir det deg rett til å ha den laus med nada kontroll? Til tross for båndtvangsperiode?

Skal seiast at den samme hunden gikk til angrep på Fenris for nokre år sidan også, når eg gikk forbi. Den kom på samme måte, pilande ut av hagen. Men han er så stor og med så tjukk og god pels, så der skjedde det ikkje så mykje.
Og den har gått til angrep på minst en anna hund, etter det eg kjenner til.

Så kjære alle hundeeigarar – ha kontroll på hunden din!

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *