Hyttepåske

I år vart det påske verken på fjellet eller med ski på beina. I år gikk heller turen til hytta på Fitjar, der vi tilbrakte tida med familien til sambuar.
Sidan det er ute ved kysten, tenkte eg at det kanskje kom til og bli litt kaldt, så eg pakka med meg langbukser, turbukser og gensere. Vel, så feil kan man altså ta! Med strålande sol og 15-20 plussgrader, så vart det med andre ord eit heilt fantastisk påskevær. Sjølv om eg rant litt vekk til tider.

På torsdag tok vi oss ein spasertur rundt på Midtfjellet vindpark. Ein veldig fin og lett tur med fin utsikt. Sett litt vekk i frå alle vindmøllene som står i vegen då… Når vi hadde starta på siste bakken nedover, får vi brått beskjed frå svigerfar, om vi ikkje såg huggormen som låg midt i vegen. Ingen av oss andre tre hadde oppdaga den! Ein liten huggorm på lengde med ein lang meitemark, berre litt tjukkare. Og vi har sikkert tråkka rett over den. ISJ!


Midtfjellet Vindpark: På toppen av den første, lange bakken.


Midtfjellet Vindpark


Midtfjellet Vindpark


Midtfjellet vindpark


Midtfjellet Vindpark: vindmøller over alt


Midtfjellet vindpark


Midtfjellet vindpark: Cira, Catania og Ronja


Midtfjellet vindpark

Hytta er ikkje så innmari stor, så med våre fire bikkjer og svigers sin eine, var eg sikker på det kom til og bli litt kaotisk. Så eg skal sei eg vart litt overraska over kor roleg det eigentleg var. Dagen vi kom var det naturlegvis litt full fart, men til bikkjene si unskulding, så hadde dei låge i bilen i 5 timar og før den tid heime aleine ein kort arbeidsdag. Så masser av energi som måtte ut då, og så vart jo alle SÅ veldig glade for og sjå kjende fjes igjen.


Har du noko godt til oss? (Ronja, Hera, Cira, Catania og Fenris)


Bikkjene måtte ha tur og vi ville ha is. Då slo vi det i lag og tusla avgårde mot ELØ (En Liten Øl) for og kjøpe is.


Måtte trene litt til NKK Ålesund neste helg!

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *