Cira sitt første kvalpeshow

Og plutseleg hadde eg meldt Cira på til Nordhordaland hundeklubb si utstilling i Lindåshallen. Wups!

Var veldig spent og usikker på korleis det ville gå, då Cira er noko usikker på fremmede hundar og reagerar med mykje bjeffing. Men folk, det elskar ho. Så mykje at ho tok litt feil av ein manekeng som stod utstilt i butikken i 1. etg. som vi må gjennom for og komme opp til der sambuar jobbar.

På dei sosialiseringane vi har fått til med kjente, trygge og stabile hundar, har Cira raskt blitt varm i trøya og leika rundt med dei.
Og i går vart det litt miljøtrening i sentrum før avreise til Bergen, då vom og hundemat hadde stand der, så det var litt folk og eit par fremmede bikkjer der. Det tok ho veldig fint og var for det meste stille, med unntak av når ho fikk hilse på ein Irsk setter som var der.

Så etter gårsdagen, såg eg positivt på utstillinga i dag. Men det første ho gjorde når ho fikk komme ut av bilen etter å ha parkert ved Lindåshallen, der utstillinga var, starta bjeffinga. Og det var bjeffing non-stop. Etter litt lufting, gikk vi inn, og der vart det enda verre. Spesielt ved synet av ein gigantisk kalv av ein Grand Danois som trava fram og tilbake. Cira vart jo reine mauren i forhold. Men sidan Cira ikkje hadde gjort verken pompel eller pilt, tok sambuar med seg tinga for og slå «camp», mens eg tok Cira med ut igjen.

Like ved hallen var det ei stor fotballbane, og den var tom for både to- og firbeinte. Så ein fin plass for lufting av det lille bjeffedyret mitt. Gikk rundt der lenge og lot ho få styre på sjølv, bjeffa litt på dei få andre som kom og lufta hundane sine der, men var ellers meir roleg.
Etter ei stund med tråkking ute, gikk eg inn igjen. Og då verka Cira ørliten grann tryggare. Bjeffa litt, men ikkje i nærleiken av like mykje som første gong vi gikk inn. Men sidan det fortsatt var ei stund til vår tur, gikk vi ut igjen ein liten tur. Så inn igjen. Og så gikk sambuar ut med ho ein tur også. Og for kvar gong ho kom inn, verka ho tryggare.

Vi hadde plassert oss heilt inntil veggen ved ringen, så vi satt ikkje i noka klynge med folk og andre bikkjer. Så der fikk Cira «landa» litt, tok opp halen, klarte leike litt med kaninleika og var veldig mottakeleg for både godbitar og trening. Så det heile vart jo veldig positivt til slutt!

Eg har ikkje trent så mykje på traving og venstresvingar med Cira enda, har fokusert mest på at ho skal stå i ro utan og sette seg ned. Så var jo spent på korleis travinga skulle gå i ringen, men eg føler eg kan sei ho presterte over all forventing på det punktet. Det var langt i frå bra, men med tanke på at vi ikkje har trent på det, så er eg godt fornøgd!

Sidan det er første gongen hennar på utstilling og i eit sånt hektisk miljø, så var hovedfokuset mitt at ting skulle vere positivt, så då pøsa eg på med godbitar.
Fikk litt kjeft av dommar for at eg gav Cira godbitar når ho skulle sjå på tenna. Wups.

Kritikken:

«Very pleasing feminin head and expression. Good neck. Well placed shoulders. Excellent topline. Nice balanced overline. Moving very soundly in both directions. Handler overbiting (over baiting?) a little.»

Resultat: HP og BIR
Dommar: Rita Mccarry-beattie

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *