Gneldrebikkje

Er vel kanskje på tide med ei aldri så lita oppdatering, tenkjer eg.

Cira har passert 4 mnd. og den ellers så trygge lille pirajaen, ho har vist ei litt anna side av seg sjølv. Når vi henta ho, gikk det kennelhoste rundt om her, og av den grunn valgte vi og unngå «samlingspunkt» for hundar. Som blant anna mandagstreningane/sosial- og miljøtreningane til hundeklubben, fram til ho var ferdig vaksinert, 16 veker gammal. Ho har sjølvsagt fått hilse på andre hundar vi kjenner, men det har jo blitt eit fåtall av dei.

Mandagstreningane til klubben er utandørs, og i lite lys. Og no som det er vinter, er det også veldig kaldt og stå ute. Men for ei veke sidan, tok eg Cira med meg dit. Sidan ho har så lite pels, var planen kun og vere der ei lita stund, så ho fikk sett- og kanskje hilst på- andre hundar.
Når vi gikk ut av bilen var det kom eit par stykk, derav ein liten kvalp. Cira starta «alarmen» og sto logrande og bjeffa på den andre kvalpen nokre meter unna, som overhode ikkje brydde seg om alt bråket frå Cira. Og etterkvart som det kom fleire hundar, måtte også dei bjeffast på. Eg sto iherdig og jobba med og få ho til å bli stille, noko som funka sånn innimellom. Når ho konsenterte seg om godbitane og «sitt» eller «kontakt». Men så var det gjerne ein hund som rista litt på seg, eller kanskje det kom ein ny hund, då var det påan igjen.

Og det er så morro og stå der blant alle dei andre, med den einaste gledrebikkja på staden. Not…


Slitne etter å ha herja rundt.

Så på laurdag reiste vi på besøk til nokon vi kjenner som har Bayersk Viltsporhund. Dei hadde den yngste tispa si på snart 2 år (?) heime, som kunne passe fint for litt sosialisering av Cira. Når vi kom opp slapp vi begge to lause ute på tunet, og Cira syns Bayeren var litt skummel. Mykje bjeffing i starten, men det tok ikkje lange tida før ho vart varm i trøya. Ikkje berre varm, men brennheit! Frå då av raste dei rundt og leika så fint i lag, både ute som inne. Cira vart også frivillig med ut verandadøra til den inngjerda hagen deira, ned nokre trapper og sprang rundt nede, mens vi sto oppe i stua og fulgte med.

Planen framover er jo då og møte på andre trygge hundar. Samt at vi skal ein tur på ringtrening på søndag. Så får tru den gneldringa går over etterkvart!

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *