Miljøtrening

Sidan eg var ferdig på jobb kl. 14 i dag, tenkte eg at eg skulle tusle litt rundt i sentrum med Cira for litt miljøtrening. Sidan ho er med Fredrik på jobb om dagane, og han jobbar i sentrum, så får ho jo masser av det når dei er ute (og inne for den del), men det blir kanskje ikkje fullt så mykje av bilar, bussar, trailere, barnevogner, trillekoffertar og den slags. Så etter jobb, dura eg bort i på jobben til Fredrik og henta Cira.

Cira er av typen som er super(!) glad i folk. Og om dei så berre gløttar bort på ho, går heile ho i spinn og ho har lyst til og hilse på. Spesielt ungar, verkar det som. Men til hennar store frustrasjon, var det ingen som ville hilse på i dag. Men så tusla vi rundt der midt i verste julestria, så folk kava no nesten rundt som nokre hodelause høns.

Det merkast at ho ikkje er så vant med og gå i sentrum. For med smale fortau og mange bilar på vegane, blir det fort litt surr når Cira springer fram i enden av kobbelet, så tilbake bak meg, fram på «feil» side og så bråstoppe rett forran beina mine. Har ikkje tal på kor mange gangar eg var nær ved og tråkke på ho i dag…

På runden vår er det nokre ståltrapper, av den typen som mange hundar gjerne mislikar. Men Cira gikk trappene utan og nøle. Både opp ned.
Var ei som kom gåande med ein veldig bråkete trillekoffert når vi sto på toppen av den eine trappa, så Cira vart pittelitt usikker på den bråkete greia. Rygga eit par skritt og vart ståande og sjå på den når den forsvant forbi oss.

Og heime ser det ut til at ho så smått har begynt og gå til døra når ho må ut. Så det er bra! Og så har vi begynt og trene på «sitt» og «kontakt». Eigentleg litt dumt og lære inn «sitt» først, var jo «stå» eg skulle begynne med… Men men, det får blir neste, for 4 mnd. kan gå utruleg raskt. I April er det nemleg tid for NKK Bergen og Cira sin deby i utstillingsringen.


Hera og Cira, alltid på herjinga.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *