2.5 veke har gått

Er nok ikkje noko nytt at eg kan vere litt treg i pappen innimellom, men i går såg eg brått at NKK Ålesund, som skal vere i mai, er ei dobbel utstilling. Internasjonalt den eine dagen og nordisk den andre. Så då bobla iveren i veg og vips, så var hotellrom booka.
Har jo ingenting og hente sånn sett, då Cira kun er 7.5 mnd. då og Hera enda ikkje har noko jaktprøve og vise til, men tenker det er god trening for Cira. Og så er jo ikkje Ålesund så himla langt unna heller, kun 5t ein veg med bil.

Trur aldri eg har vert i Ålesund heller, så det kan jo bli morro med ein liten jentetur dit. Sjå og oppleve litt nytt kanskje. Gledar meg!

Cira er fortsatt ein roleg og (stort sett) ein herleg kvalp å ha i hus. I helga var Fredrik i Valdres på jakt, og tok då med seg Hera, noko som resulterte i at Cira sov og var roleg mesteparten av tida. Fenris og Catania er nemleg ikkje så gira på og leike med den lille pirajaen, som det Hera er.

Ho har slutta med sutringa si på natta og søv gjerne til 8-9 på morgonkvisten, då gir ho beskjed om at det er på tide å komme seg opp og ut, for ho må på do! Einaste teite er at sjølv om vi opnar burdøra, så berre sitter ho der… Og er du klar over kor vanskeleg det kan vere å få ein liten, trøtt kvalp ut av eit bur, når ho tydelegvis ikkje er så sikker på om ho eigentleg måtte ut i kulden på do, allikavel? Rare pirajaen.

I dag hadde eg fri og tenkte prøve få unna litt skikkeleg møkking hos hønene, samt litt handling før jul. Så etter frukost tok eg med meg Catania og Cira ut på ein liten rundtur. Tenkte eg skulle prøve slite ut pirajaen litt først, så ho kunne ligge i buret sitt på soverommet, mens eg var ute. Så når vi kom inn igjen, var det i stua med Catania og buret med Cira.

Cira sutra litt til og begynne med, men det pleier ho og gjere når vi skal legge oss også. Sutrar og klagar i nokre minutt, før ho finner ut at ho like gjerne kan sove. Så ho var aleine i buret i ca. 1.5 time, mens eg fikk møkka, handla og lufta dei andre, og ingen av gangane når eg var inn i huset, hørte eg eit einaste pip frå ho. Og ho var heilt roleg, og litt trøtt, når eg omsider var ferdig med ærenda mine og fikk gått opp og henta ho ned igjen. Ho gir jo blanke F’en i om eg går min veg når ho er i stua, på badet eller det som er, og det er så herleg og ha ein kvalp som tek det med å vere aleine på strak pote!
Det er fortsatt for tidleg å la ho vere aleine over mange timar, men syns det her er ein fin start eg.

Kloklipp er null problem, det søv ho seg gjennom. Nesten ingen uhell inne, og så er ho superglad i folk. Var hos veterinæren på onsdag, for 12 – vekers kontroll og vaksine, då tok ho like gjerne og smelta nokre hjerter når vi var der. Og vaksina var det null stress med, den trur eg ikkje ho merka ein gong.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *