Travle dagar


Catania godtar den lille pirajaen meir og meir for kvar dag som går.

Natt til onsdag reiste Fredrik til Oslo på salgsmesse med jobben, noko som resulterte i litt travlare dagar for min del. Planen er jo at Cira skal vere med Fredrik på jobb, men kva skulle eg gjere no når det ikkje var eit alternativ i tre dagar?
Løysinga vart bilen til Fredrik. Han har nemleg webasto (eller noko i den duren) i bilen, så ved å trykke på ein knapp, så slår vifta i bilen seg på og går så lenge den er satt til og gå. Og det kun ved hjelp av ein knapp på nøkkelknippet til bilnøkkelen.

Så arbeidsdagane har gått med til og hugse slå den på nokre gongar i løpet av dagen. Samt lufte Cira i pausen og gi ho ein kong fylt med vom.
Når eg var ut til ho i pausen på onsdag, låg ho godt samankrølla i buret sitt. Ho letta på hodet og såg litt på meg, før ho sukka tungt og la seg til rette igjen. Men lille piraja måtte nesten ut, sjølv om ho gjerne ville sove ei stund til.

I dag hadde eg ein lengre arbeidsdag, og av ukjente grunnar, var Cira tydeleg misfornøgd med noko. Gikk og sutra gjennom heile lufteturen i pausen, når ho fikk kongen sin og luftetur nr. 2. Men når vi kjørte heimover etter endt arbeidsdag, sov ho.

På tirsdag kom snøen. Og med snøen, kom det enda meir snø. Så no er vi vel oppe i 20-25 cm. Og eg som ellers ikkje er noko fan av og sleppe bikkje ut på verandaen for og gjere sitt fornødne, har sagt til meg sjølv at det er OK så lenge det er snø. Spesielt for Cira. Det gjer ting litt enklare når eg kun han hive ho ut døra og ikkje treng å tenke på jakke, støvlar, halsbånd, kobbel, hodelykt, osv…

Og sidan eg er aleine, og diverre ikkje er noko supermenneske, så må eg dele opp flokken på kveldsluftinga. Og fordi eg heller ikkje gidder gå 3 turar, så Cira kan vere med heile tida, så har vi trent litt på og vere heime aleine.
Så i går, etter at Cira hadde vert ute på verandaen og gjort sitt, og sprang rundt og leika med eine leiken sin inne, tok eg med meg Hera og Catania ut. Så Cira og Fenris var aleine i stua.
Mens i dag gikk eg først tur med Catania og Cira, så fikk dei to vere aleine i stua mens eg gikk tur med Hera og Fenris etterpå. Og det gikk over all forventing! Er så vant med kvalpar som gjerne skal vere med over alt, og som startar sutre om eg har gått min veg, men Cira kunne ikkje brydd seg mindre. Så det her lovar jo veldig godt for framtida!

 


Ei venninne, Caroline (Pointdal massasje og hundeutstyr), har fått i bestilling å lage utstillingsline og eit par halsbånd til Cira. Sjå kor fint! 😀

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *