Cira er her!

På torsdag etter jobb, pakka vi i bilen og kjørte til Fagernes, der vi sov over hos besteforeldra til sambuar. Og fredag formiddag kjørte vi vidare til Drammen, der vi skulle hente Cira.

Ho er ein så trygg og herleg kvalp. Superhappy og glad i fremmede, springer bort som om ho dei skulle vere gamle kjente. Og så er ho innmari roleg, kan ikkje hugse at verken Hera eller Catania var sånn. Til tross for ei heil natt med søvn, så kan ho fint legge seg ned og sove mens eg steller meg på badet om morgonen. Det samme gjorde ho etter at ho hadde vert med i bilen i 5,5 time i dag, og i bilen ligger ho berre og søv. Kan vere litt sutring heilt i starten av bilturane eller når vi skal legge oss for kvelden, men ho roar seg relativt raskt. Og når det er ro, då er det ro!

Sånn ellers kan ho herje litt, før ho plutseleg roar seg og søv i nokre timar. Og blir det for mykje, er det berre å ta ho opp i sofaen og gi ho bamsen sin, så sloknar ho ganske raskt.

Av uhell, hadde ho kun to på fredagen når vi henta ho, og eit på mandag kvelden. Så ho er veldig flink til og gjere sitt fornødne ute. Merka dog i dag at ho helst ikkje ville inn før ho hadde gjort alt ho skulle, og det er jo bra!
Og så søv ho stort sett natta gjennom. Dei to siste nettene har ho starta sutre i 4- tida, men natt til i dag valgte eg og oversjå ho, og det gikk veldig greit. Då sov ho til vekkerklokka til Fredrik ringte kl. 9.

Så det blir ei spennande tid framover, og eg gler meg til vi våren når vi kan prøve oss i utstillingsringen!


Det her må vere ein Etnahund-greie, for sånn låg Catania når ho var lita også.


Best å legge seg i kofferten, så ho er sikker på å ikkje bli glømt igjen i Fagernes!


Skal tidleg krøkast om god teppehund skal bli :p

 

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *