RL – kurs

For eit par veker sidan var eg og Catania med på eit rally-lydighetskurs i regi av den lokale hundeklubben vår her. Dei hadde hyra inn instruktørane Nina og Thomas frå «Kreativ fritid- Gøy med hund».

Det siste året har motivasjonen for hundetrening vert svært laber og heilt på bunn. Vi har heller kosa oss med skiturar i skisesongen og andre turar på sommarhalvåret. Eg har også lagt lydigheten med Catania på hylla, mykje på grunn av nye øvelsar som eg ikkje har orka starte innlæringa på, men mest fordi ho ikkje syns det er så morro med tannvisninga. For sjølv om eg og alle andre Catania kjenner kan rote rundt i gapet på ho, så det er slettes ikkje så morro når ein vilt fremmed skal lette på leppene.

RL1

Men rally-lydighetskurset er eit kurs eg har meldt meg på til, opp til fleire gangar. Men eine gongen vart instruktøren sjuk og kurset avlyst, mens ein anna gong vart det lagt til samme helg som vi skulle vekk på utstilling. Så i år klaffa det endeleg!

Kurset gav meg ein liten motivasjonsboost. Og lydigheten vi har i bunn, hjalp oss utan tvil gjennom heile greia. Så hovedfokuset framover i treninga blir kjede og belønning.

RL

På slutten av siste kursdag, var det lagt opp til ein liten eksamen. Nina og Thomas satte opp ei heil klasse 1 bane som vi først skulle brife før vi en og en skulle gå den som på eit stevne.
Når eg var ute og varma opp mens hunden før oss gikk, var Catania skikkeleg PÅ. Gjorde kvart minste lille vink eg kom med. Men når vi begynte på bana, datt ho litt meir og meir ut. Men tenker det kanskje kan ha litt med dei forran oss som brukte godbitar og gjerne mista nokre på vegen.

Uansett, følelsen etter endt bane var utan tvil at det gikk dårleg. Spesielt på slutten. Og når alle hadde gått bana og vi var samla for ei oppsummering og utdeling av kritikkskjema/resultatskjema. Fikk beskjed om at det var 2 som hadde diska, og eg tenkte som så at vi garantert var ein av dei to.
Men etterkvart som namna vart lest opp, tok det uhyre lang tid før eg fikk høre mitt eige. For vi endte utruleg nok på 1. plass med 195 poeng!

Rally skjema

Categories: Catania, Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *