Galskapen lenge leve

Sidan slutten av 2014 har eg venta på eit kull med Etnahund-kvalpar frå ein oppdrettar i Sverige. Eller, det er der eg har stått på venteliste. Men planane har blitt utsatt år etter år.
Men i September, nærmare bestemt 13. September, samme dag Catania er født, kom det eit stort kull med små, brune skrukketroll, i Drammen.

Etter mange rundar med meg sjølv, og «godkjenning» frå sambuar, bestemte eg meg. Det var ein tispekvalp igjen, om ho fortsatt var ledig, var eg interessert. Så etter litt meldingar fram og tilbake og ein lang telefonsamtale, vart det plutseleg ein ny Etnahund på meg.
Dei er leveringsklare no i helga, men sidan eg skal på Rally lydighetskurs med Catania denne helga, julebord og bursdagsfeiring neste helg og svigers som kjem på besøk helga etter for jakt under fullmånen, får vi ikkje henta ho før om 3 veker. Det blir tre lange veker!

Lille «gul» er ein av kvalpane dei vurderte og behalde sjølv. Det sto mellom ho og ei anna tispe, men dei landa på den andre. Ho (eller dei?) som eig faren, meinte det var dei to tispene som var finast. Lille «gul» hadde blant anna best proporsjonar. Og det kan vel love godt for ein framtidig utstillingskarriere.

Mor: N SE UCH Trucker’s Brown Sugar
Far: Boxing Helena’s Nascar (med ei tittel-liste her i frå og til månen)

Gul0

Gul9

Ho har enda ikkje fått noko namn. Eg syns det er grueleg vanskeleg, og det eg likar, likar ikkje sambuar, og omvendt. Einaste ønsket eg har, er at det skal vere Italiensk og ikkje for tungvindt. Kom gjerne med forslag!

  • Gaia – Earth (eine kullsøstera skal heite det)
  • Cira – Solen (for likt Hera?)
  • Luna – Gudinne månen (litt for vanleg)
  • Zaira – blomstre (eg likar det veldig godt, men ikkje sambuar…)
  • Gia – gud er nådig
  • Dea – gudinne

 

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *