Tur til Nordheia og Djupeviknipa

37999968_10160587442055468_7930758142579703808_n

Så langt i sommar har det nesten vert litt for varmt til å begi seg ut på fjelltur, spesielt med dei to grå pelsdottane våre som ikkje tåler varmen like godt som Catania.
Når eg har vert ein kjapp tur ut med bikkjene på morgonkvisten, så har Hera ofte kasta seg over vannskåla når vi har komt inn igjen. Og på korte turar i området kastar ho seg over den minste lille dråpen med vatn ho kjem over. Så noko særleg med tur har det liksom ikkje blitt…

Men på søndag var temperaturen gått litt ned. Det var overskya og ein lett bris, men utan den trykkande varmen. Og då fikk eg endeleg med meg sambuar ut på tur! Og målet vart Nordheia og Djupeviknipa.

Forge gong eg gikk der, var eg kun opp på Nordheia. Og frå den toppen kan ein skimte noko som kan minne om sentrum, så eg var sikker på at det var Førde. Men no er jo ikkje eg kjent for og ha noko særleg god retningssans då. Sambuar derimot, som ser alt og kjenner seg igjen omtrent kvar enn han er, såg fort at det var Naustdal. For når vi kom ut på Djupeviknipa såg vi rett over fjorden og bort på Håjen. Med andre ord, så var vi brått komt veldig langt ut! Er det som er så fascinerande med fjellturar; ein kan starte langt inne og eit stykke frå fjorden og turen treng ikkje vere så lang, men brått er man ute med fjorden.

Vi passa også Rago, ein 7 år gammal Tysk Jaktterrier heile veka. Artig og behageleg type å ha i hus.

37985192_10160587448095468_3076846233629753344_n

37943217_10160587448330468_5269047719611072512_n

37962614_10160587447545468_7359073664492371968_n

37944771_10160587446230468_4707093051846164480_n

37925102_10160587446000468_7460741102371340288_n

37946392_10160587444960468_2555507525394890752_n

37935101_10160587442670468_5161354038888890368_n

 

37987903_10160587441710468_7497875239288700928_n

38014724_10160587441405468_7239219385166987264_n

37960460_10160587441165468_347667341934329856_n

37967726_10160587440595468_2820609442528100352_n

37934707_10160587440405468_5115477796688232448_n

 

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *