Ulv i Hydalen?

For eit par veker sidan vart det funne nokre sauer som er antatt drepne av ulv. Det er fire år sidan det var ulv her sist, som slakta ned nærmare 160 sau i løpet av få månader. Og sidan vi bur rett i nærleiken, tenkte vi å ta oss ein spasertur i området.

Sambuar har ein stor og høg bil, så han kjørte like gjerne heilt opp til hydalsvatnet. Derifrå fulgte vi grusvegen inn mot Hystølen, som låg rundt 10 minutt unna, på motsatt side av vatnet.
Skal vist vere mulig å komme over på ein sti ved stølane så ein kan gå rundt vatnet, men vi fant oss ein sti og fulgte den eit lite stykke opp- og innover fjellet i staden.

Så no har vi funne oss eit nytt turområde.


Sambuar speidar etter sau og ulv.


På stølssida av vatnet, ei fin sandstrand der!


Traktorveg heilt inn til Hystølen.


Kan gjere det heile til ein rundtur, men bør då ha ein bil i kvar ende.


Herleg stølsområde med fjell og vatn i umiddelbar nærleik!


Fant oss ein fin utkikkspost. Ventar på at sambuar skal ta oss igjen, etter at han møtte på to som var ute og såg til sauene sine.


Ein som måtte ta seg ein pust i bakken etter å ha sprunge opp etter oss.


Kanskje vi må prøve og gå til enden der og sjå kva som er der?


Vestlandsfjella med utsikta si, det er noko for seg sjølv.

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *