Miljøtrening i festivalkaos

I forge veke var Førdefestivalen i gang. Gatene fulle i folk, salgsboder og musikk. Og sidan Hera har hatt litt mangel på miljøtrening i det siste, eller bytrening generelt, tok eg ho med meg til Førde sidan eg hadde fri. Når man bur ute på landet, 20 minutter med bil ein veg til sjølve byen, då er det ikkje alltid så fristande og hive seg i bilen og kjøre tilbake igjen til Førde, når eg først har komt meg heim igjen etter endt arbeidsdag…

Når vi ankom Førde, parkerte eg i eine parkeringskjellaren og tusla i retning hjertet av Førde sentrum. Ved det eine senteret var det tjåka fult med folk, så der var det unødvendig og gå. Så etter at vi var innom sambuar på jobb, tusla vi vidare over eine brua. Hera syntes den var litt skummel, høgt ned og ei svær elv på eine sida og mykje biltrafikk på den andre sida. Men vi kom oss fortsatt over utan problem, ho berre holdt seg godt mot rekkverket på bil-sida av brua.
Men det var jo så mykje og snuse på, så mange fleire lukter der enn her heime! Så ho var svært vanskeleg og få kontakt med.

Vi tusla vidare langs sørsida, gikk ned til elva så Hera kunne drikke litt.
Har lært at det kan vere greit og trene bikkja si til og hoppe opp på ting, då det kan komme til nytte i enkelte situasjonar. Har trent ein del med Catania på akkurat det, så ho hoppar opp på ting både frivillig og på kommando, men med Hera har vi aldri trent noke på det punktet. Så på vår ferd gjennom sørsida av sentrum, trente vi litt på nettopp det. Benkar, steinar, steinbord… Gikk overraskande bra, når eg først klarte å lokke ho opp.

36744269_10160502172375468_6597349437746446336_n

36790326_10160502168040468_3352036882912378880_n

Ved rådhuset satte eg meg ned og lot ho få sjå på folkelivet rundt. Her begynte ting og løsne litt, følte eg. Ho vart enklare og få kontakt med, tilbydde sitt og dekk både frivillig og på kommando. Vi har verkeleg låge på latsida når det kjem til lydighetstrening med Hera, og dekk har vert ein vanskeleg øvelse som vi knapt har fått ut av huset. Så at ho tilbydde øvelsen både frivillig og fleire gangar på kommando, var litt stort. Flink jente!

Vi gikk vidare langs sørsida og møtte omsider på ein som kom gåande med to små bikkjer. Hera har fått ein uvane med at alle bikkjer skal bjeffast på, så når eg såg dei komme gåande eit lite stykke lenger framme, kryssa eg vegen for å unngå tett passering. Anten såg ikkje Hera dei, eller så gadd ho ikkje gi beskjed, for ingen lyd kom i frå den grå bråkebøtta.

Når dei kom bort til vgs. skulen, kryssa vi ei ny bru. Litt skummel denne også, då den kan gynge ørliten grann, er smal og folksom, men ho gikk greit over på eiga hånd. Var ein mann som satt med ein liten hund nede ved elva, på venstre side av brua, som begynte og bjeffe når den såg Hera. Men den grå bråkebøtta overraska og holdt stilt denne gangen også. Vi gikk ned til vatnet på høgre side av brua, så Hera kunne frå drikke litt igjen, frå der kunne ho også sjå den andre hunden, men ho forblei stille.

36791396_10160502171755468_3099927997763813376_n

Når vi skulle gå vidare, hørte eg musikk i enden av parken. På morgonen hadde det vert festivalfrukost der, så der var fult i benkar og stolar. Samt ei stor scene og ein liten gjeng som spelte på ymse trompet instrument.

Vi stoppa opp ved eit steinbord med benkar før vi kom til scena. Fikk Hera opp på bordet og trente litt på sitt og dekk, før vi gikk vidare.
Satte oss ned for og sjå og høyre litt på musikken, den var jo ganske så fengande! Etter ei stund gikk vi bort til Torsheimen sin statue, og der fant Hera ut at ho skulle invitere til leik. Smarte meg godtok invitasjonen og det heile endte med at ho starta bjeffe med orkesteret som fortsatt satt og spelte. Flaut!

Så då gikk vi ganske raskt over brua ved banken og i retning av bilen. Møtte på ein hund igjen, og den måtte sjølvsagt bjeffast på. Avslutt med stil, liksom.

Men alt i alt syns eg ho var veldig flink. Vi passerte mange folk i alle aldre, personar med funksjonshemming, folk i rullestol, syklistar, barnevogner… Og ho brydde seg nada.

Og det viser seg forresten at ho er ein Husky. I følge folk på gata i vert fall…

36837830_10160502168845468_775856657719623680_n

36798533_10160502169535468_4394130295498997760_n

36737324_10160502169825468_4323829218531082240_n

 

36806951_10160502170060468_4628418966199468032_n

 

Categories: Hera

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *