Tur til Svistølen, 322 moh.

Var gira på tur i dag også, men hadde lyst til og gå i nærområdet. Så då vart det tur til Svistølen med Catania. Har gått der ein gong før, men det er vel snart 2 år sidan, og einaste eg kan hugse igjen frå den gong, er at det var ein fin og relativt «flat» tur med tanke på at vi er på Vestlandet. Og at eg helst ikkje ville gå den andre vegen tilbake igjen, då den var smal og til tider skremmande bratt utfor, så det bør man ikkje snuble!

Så eg og Catania tusla avgårde og brukte rundt 45 minutt fram til Svistølen der eg skreiv oss inn i boka. Huset og løa som står der er faktisk ganske creepy. Hadde nok ikkje turt og gått der aleine på kveldstid når det begynner og mørkne!

På veg til Svistølen bestemte eg meg for at eg skulle gå samme veg tilbake, men etter å ha skribla ned namnet mitt i boka, ombestemte eg meg. Det er jo litt kjedeleg og gå samme vegen både fram og tilbake! Så då gikk vi vidare på stien og tok det som ein rundtur i staden for.
Men skal sei det var bratt utfor enkelte plassar, så best å ha kontroll på kvar man setter beina. Og på eit par små parti var det så smalt at det kun var plass til ein fot i bredden av stien. Så glad eg kun hadde med meg Catania, ho er så flink til og gå bak når eg ber ho om det.

I dag er det forresten 5 år sidan Catania vart operert for Patella Luksasjon. Heldigvis ein svært vellykka opersjon.
Og nye kyllingar held på og klekke i rugemaskina. Spennande!

34879383_10160394806430468_278330772887175168_n

34962494_10160394806345468_5382482736520888320_n

34962908_10160394806065468_9169177821686267904_n

34963286_10160394806690468_8243550796747112448_n

34963313_10160394806260468_6201102330612416512_n

34963668_10160394806540468_1842889085673275392_n

34984173_10160394815755468_834336056248631296_n

34984971_10160394807540468_7399730056844541952_n

34985224_10160394807035468_5789781077975367680_n

35026492_10160394807165468_3423344622905065472_n

35053887_10160394806555468_3000077983886082048_n

35102641_10160394805985468_3869707332594171904_n

35143698_10160394806855468_8393348540088188928_n

35114600_10160394806390468_2762415148223168512_n

35147488_10160394806750468_5269034396622520320_n

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *