Tur til Nordheia, 662 moh.

I dag orka eg rett og slett ikkje meir. Har gnåla på folk i lange tider om dei vil vere med meg på tur, men enten jobbar dei, orkar ikkje eller det er så varmt at det nærmast er uforsvarleg og bevege seg ut på tur i fjellheimen.

Til tider kan eg slite litt med panikkangst, og forge gong eg var på fjelltur aleine kom det som lyn frå klar himmel. Det samme skjedde forge gong eg var på fjelltur med ei venninne. Eg veit det kun er hjernen min som er teit og at det ikkje er farleg, men det er uansett forferdeleg ekkelt når man står og hiver etter pusten og føler man kan dette om når som helst.
Dette har igjen blitt som ei slags sperre når det har komt til fjellturar og stølsturar aleine, men i dag orka eg rett og slett ikkje meir.
Eg måtte ut på tur, opp i fjellet!

Ei som driver turblogg for turar ho har gått i området rundt her, hadde eit gammalt innlegg om Nordheia. Utsikta såg fantastisk ut og ikkje skulle det vere lange turen opp heller. Så då heiv eg Catania i bilen og dura avgårde (var for varmt for dei to grå, så dei vart igjen heime)

I blogginnlegget til ho som driv turbloggen, sto det at stien ikkje var tydeleg i alle områder. Og sidan eg ikkje er så flink til å følge dårlege stiar (eller stiar generelt), tenkte eg at det kunne by på utfordringar. Men heldigvis har det gått litt fleire der sidan 2011, så stien var ganske tydelege i dag. Einaste minuset var vel at stien delte seg fleire plassar, før den gikk tilbake igjen lenger oppe.

Det er jamn stigning i ulendt terreng oppover, men ikkje sånn at det blir ubehageleg bratt. Og så tok det ikkje lenger tid enn maks 30 minutt opp til varden, inkludert drikkepause for oss begge. Ergo ein fin tur for barnefamiliar eller berre som ein lett kveldstur.
Under ein stein i varden ligg det også ein pose med ein matboks, og i den ligg ei bok man kan skrive seg inn i. Rart som det er, så syns eg det er litt gøy når eg kan legge igjen eit slikt «usynleg» merke etter meg sjølv, eit lite bevis på at eg har vert der.

Og følger man stien vidare i ca. 10 minutt, kjem ein til Djupeviknipa (650 moh.). Var veldig fristande og gå dit også, men var litt redd panikkangsten skulle komme. Så då snudde eg mens leiken enda var god. Kanskje neste gong.

Eg og Catania hadde i vert fall ein superfin tur!

 

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *