NKK Bergen og HD/AD resultater

NKK Bergen Mini_4867

Heilt i siste liten, vart Hera meldt på til NKK i Bergen. Mest på grunn av dommaren som skulle dømme Norsk Elghund Grå. Når Catania var kvalp, vart ho stilt for han, og eg syns han er rettferdig og flink, i tillegg til at han kjem med god utfylte kritikkar.

Sist eg stilte Hera, var i Lillestrøm på Dogs4All, og då var det berre mykje stress og kav. Hera bjeffa nærmast konstant og klarte ikkje slå seg til ro. Og mykje med tanke på at eg heller ikkje hadde fått trent noko særleg fram til NKK Bergen, var eg litt bekymra for at det skulle bli mykje av det samme denne gangen.

Men det gikk over all forventning, føler eg. Ja, ho bjeffa, men ikkje i nærleiken av så mykje som når vi var i Lillestrøm. Og i ringen jobba ho veldig bra, var stille og gjorde som ho fikk beskjed om!
Målestokken syntes ho var litt ekkel, så der må vi trene litt. Må også få trent litt meir med at fremmede får «befølt» ho litt.

Så no må fokusere litt på og få gått elghudprøve med ho. Hadde ho hatt godkjent prøve no i helga, hadde ho faktisk fått certet. Så det her var jo veldig morro!

«50 cm. Utmerket type. Velformet hode. Korrekt bitt. Utmerket hals. Meget gode vinkler. Bra utviklet bryst. Sterk stabil rygg. Godt utviklet muskulatur, som gir henne gode bevegelser. Korrekt hale. Noe uttrøytet pels, men god struktur på det som er. God farge, med godt selemerke. Beveger seg godt. Fint temperament»

Resultat: Excellent, 2BTK, CK og Nordisk reserve cert.
Dommar: Leif Ragnar Hjorth

NKK Bergen Mini_4872

Før påske var eg hos veterinæren i Førde for og HD/AD røntge Hera, og i dag tikka dei siste resultata inn!

HD: B/B
AD: 0/0

Hurra!

Categories: Hera, Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *