1. Oktober EFIT

Ein liten EFIT frå oss. Ikkje heilt lett å hugse det med å skulle knipse bilder i tide og utide, men det får så vere.

Fredrik og Fenris er på elgjakt, så då får Catania sove i senga. Hera fikk løpetid og kunne dermed ikkje vere med på jakt og sitt første slepp. Sure greier! Men kryssar fingra for at Fredrik i det minste får vert med noken andre på elgjakt, om så kun for å trene Hera.

22197682_10159296690710468_1798321971_o
00:30 – På tide og finne senga.

22163898_10159296690960468_442355251_o07:00 – Hera måtte skikkeleg på do, så då var det berre å hive på seg ei bukse og eit par sko. Catania syns det var litt i tidlegaste laget på ein søndag.

22199337_10159296690845468_1559337341_o
11:30 – Vi hadde lagt oss igjen, og vart vekt av mamma som ringte. Vi skulle ut på besøk til mormor og besten + resten av bøtteballetten. Slektningar frå østlandet er på besøk.

22171651_10159296691085468_1431294522_o
12:00 – Vi har komt oss ut av senga og ut på tissetur før frukost.

22197877_10159296691210468_299535929_o
12:30 – Før vi kjørte avgårde, måtte eg fôre endene og hønene. Har sett etter egg hos hønene kvar dag denne veka, men kanskje ikkje så rart eg ikkje har funne egg, når dei har gjømt dei unna lengre inne i rugekassa. Måtte jo ha lys for og sjå dei!

22197699_10159296691260468_300173774_o
13:30 – Vi er hos mormor og besten, fint og strekke litt på beina der!

22218123_10159296691415468_1515483256_o
14:30 – Slappe av litt inne.

22163953_10159296691665468_1847333593_o
15:30 – Vi skal til å kjøre heimover igjen. Enya må sjekke ut og markere litt der Catania tissa. Viktige greier!

22163985_10159296691865468_1487402156_o16:30 – Endene og hønene har fått nytt vatn, og eg plukka egg frå anda som er ute. Begynner å hope seg litt opp her, enda eg har gitt vekk litt til mamma!

22171679_10159296692000468_1364722400_o
18:30 – Ser kakekrigen.

22171661_10159297624255468_1133325231_o
19:30 – Sitter inne og tek livet med ro, mens vinden ruskar godt ute.

22172044_10159297623650468_1834511360_o
20:30 – Satte på «Min bror bjørnen 2».

22171809_10159297624020468_408244462_o
21:30 – Kveldslufting. Eg er superpingle når eg er aleine, enda verre når det er uvær, og sjølvsagt er det dei dagane bikkjene kniper igjen…

22171683_10159297624010468_1199660051_o22:30 – Inne og hører vinden suse ute. Blir nok ikkje gjort stort meir no, så tenker eg avsluttar her.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *