Haneslakting

20187709_10158955692825468_864040498_n

Til tross for kor koseleg det er å ha høner, så er det ikkje alltid ein dans på røde roser. Den siste tida, har eine hanen vår blitt meir og meir hissig av seg. Og ved fleire tilfeller har den komt byksande og «slått» meg med vingene sine. Og sjølv om det er ein hane på kun 400 – 500 gram, så skal det seiast at vingeslaga, dei kjenner du. Og seinast på laurdag, når alle var ute, sprang han etter meg ned bakken til løa, når eg tok inn andemor med andungen sin.

Men til tross for alle advarslane og truslane han hadde fått, vart det aldri tatt seriøst frå han si side. Så når Birthe endeleg var heime ein tur igjen, vart ho invitert på haneslaktingsbesøk i dag, sidan eg hadde fri. Ho har vert med på ein del slakting av høns tidlegare, mens eg derimot, aldri har vert borti det. Kun lest meg opp på korleis prosessen skal gjerast.

Skal jo ærleg innrømme at eg var litt spent, men samtidig grua eg meg veldig. Korleis skulle eg klare å slå hanen i svime for så og kappe haude av den? Eit dyr eg har stelt med i fem lange månader. Det er noko heilt anna enn å vere med på jakt og partering av hjort, føler eg.

Men det gikk ganske greit. Litt ubehageleg og stå der med ein hodelaus hane, men etterkvart som den vart nappa for fjær, følte eg synet av den likna meir og meir på det eg heller forbinder med mat.

Så i dag vart vi to hanar fattigare. Litt trist, men samtidig var det ein heilt anna sinnstilstand nede hos hønene, når eg var nedom for kveldsstellet i sta. Dei var rolege, ingen som stressa seg unødvendig opp, ingen voldsom kakling og ingen som sprang i hælane og skulle «ta» meg.

Hanane som vart slakta i dag, skal brukast til mat. Blir kokt kraft av, og renske av kjøttet som blir lagt i frysen. Kanskje det blir litt hønsefrikassé ein dag?
Og hundane skal få kose seg med frosne haneføtter.


Ferdig resultat. Lagt i kjøleskapet til i morgon, då skal dei kokast. 

Sjølv om slakting ikkje er gøy, så hører det allikavel med når man har høns. Både med tanke på og la sjuke høns få sleppe å lide, har for mange hanar eller høne/hane som har blitt hissige. Hissige hanar er ingen å spøke med. Vår hane var dverg, men hadde han vert av ein stor rase, hadde eg nok sprunge for livet når han sprang etter meg, trur eg.

Categories: Høns

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *