Hils på våre fjærkre!

18519603_10158609417005468_3748951238356031197_n

Tenkte det kanskje var på høg tid og introdusere våre nye – kanskje ikkje fullt så nye no lenger – familiemedlem. I April, når vi var på NKK i Bergen, henta vi med oss 7 knøttsmå Hollandske dverghøns kyllingar som var knapt ei veke gamle.
No har dei vokst seg store og fine, men dessverre med litt skeiv kjønnsfordeling; fire hanar og tre høner. Så då blir det nok dessverre nokre hanar som må bøte med livet og endar sine dagar i suppa. Reknar ikkje med det er mykje mat på dei, med sine 400-500 gram.

Planen var å gjerde inn ei gammal trampoline, men sidan noko på trampolina må sveisast, har hønene endt opp med og bli frittgåande i staden for. Kanskje like greit, for dei er ekstremt flygedyktige og då føler eg dei treng godt med boltreplass.

20187709_10158955692825468_864040498_n

Så når det er fint vær ute, får dei komme ut og styre på som dei vil sjølv. Får nokre artige opplevingar då, når gjengen på sju brått kjem spankulerande opp på tunet vårt, kjem opp på terrassen og vil inn dit, sitter på gelenderet, kjem inn i bislaget og vil inn på besøk, vaglar på taket til utegården til endene… Heldigvis er dei relativt enkle og få i hus igjen, ein godt oppdratt gjeng med andre ord!

Uheldigvis har vi begynt og bli plaga med ein eller fleire kattar som rek rundt, då spesielt når hønene er ute. Eine kvelden eg skulle lukke inn hønene, var dei allerede gått inn, så var kun dørene som trengte å lukkast, og då sto det ein katt på dørterskelen, på veg inn til dei! Det igjen har resultert i at dei har vert mykje inne og når dei først er ute, må dei inn tidlegare. Men dei har heldigvis stor tumleplass inne.

21284277_10159166737400468_1557741225_o
Gjengen stiller seg opp til utstilling for tilfeldige forbipasserande :p

Og endene har gått i frå fem til tre. To av andrikane vi hadde har flytta og fått seg jobb som snegleryddarar. Eine anda la seg klukk for eit par månader sidan, men det kom aldri noko ut av egga. Ho fortsatte å ligge på nye egg, og tida gikk. Ho låg vel 2-3 veker overtid i forhold til utrekna dagar frå ho la seg på nye egg, så når Fredrik skulle ned og fôre hønene og anda, poppa det plutseleg fram ein liten andunge! Den er rundt 4-5 dagar gammal, og andemor er så flink, men veldig beskyttande. Eg som veldig gjerne kunne tenkt meg og starte håndtere den litt, må fint nøye meg med å nyte synet av den på avstand. Så eg får vel berre smøre meg med tålmodighet så lenge!

Men utruleg morro at Pekingand, som er kjent for å vere veldig dårlege til å ruge, faktisk har klart å ruge fram ein liten andunge her! Ho ligger på eit par egg til, men håpet om at det blir klekk, forsvinner litt for kvar dag som går. Men skal vere fornøgd med den lille som har komt.

21245606_10159166737085468_2073479407_n

21268436_10159166737240468_648955448_o

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *