VOM DogRun i Bergen

Etter jobb på fredag, kjørte eg og Fredrik til Bergen. Og laurdags morgen kom Birthe og plukka opp meg med Catania og Hera. Vi hadde nemleg meldt på til VOM DogRun! Det skulle arrangerast oppe på Fløyen i Bergen, som igjen betydde at vi «måtte» ta fløybanen opp. Trur faktisk aldri eg har tatt den, så det var vel på tide, kan man sei. Og bikkjene som aldri har vert med på offentleg transport før, tok det heile veldig fint. Hera syntes det var litt skummelt og gå inn på vogna når vi skulle opp, så måtte lempe ho inn. Catania såg ut til å synest det heile var litt fascinerande. Var stappa fullt med turistar der, så Flipp og Rime til Birthe, vart fort veldig populære.

Vel oppe på Fløyen fikk vi henta ut kvar vårt startnummer. Så var det berre å vente. Og vente. Og vente. Det var relativt surt, vått og kaldt, så å skulle vente i over 1 time var ikkje særleg gøy. Det var berre kaldt.

20934121_1227619724016442_5228762682615285791_o
Vi prøvde huke med oss han stakars karen der. Catania og Hera sprang på kvar si side av han, så han endte opp i hanefoten. FLAUT! #Varikkjemeininga!

Eg og Birthe hadde meldt oss på 7km (2 runar) løypa, som gikk på tid. Dumt valg for oss, sidan det var der alle skulle springe. Hah!
Når vi gjorde oss klare til start ved startstreken, endte vi opp fremst. Skrekk og gru. Startskuddet gikk og vi starta jogge nokre meter. Eg er overhode ikkje noko joggemenneske i det heile, så eg var jo døden nær allerede, føltes det som.

Så vi gikk store delar og jogga så smått innimellom. Når vi skulle over ei slags lita bru som gikk over ei myr/gjørmehol, satte Catania eine bakfoten fast mellom eit par plankar. Ho hylte til som ein stukken gris, vrei seg rundt og brått var ho laus. Tenkte det verste, men det gikk heldigvis bra, så ho gønna på vidare.

Men til tross for at eg følte eg var døden nær fleire gangar, kom vi oss trygt i mål etter 1 runde. Då var lille Rime såpass trøtt og sliten at vi gav oss der. Så arrangørane fikk beskjed, noterte ned startnummer og tida vår, så fikk vi utdelt sammenleggbar skål med tre vom kjøttbollar i og vom dogrun medaljen.
Ved premietrekkinga på startnummer, så vant Birthe. Som tidlegare hadde klaga på at det heile tida var eg som vant. Vi seier som så at det var eg som gav ho litt vinnarlykke då, så det var ho vel unt!

Fløybanen ned igjen gikk som smurt, også for Hera.
Og dagen etter, på søndag, fikk eg melding frå Birthe om at i 3.5km (1 runde), så kom eg på 2. plass og ho på 3. plass hakk i hæl. Det hadde eg faktisk aldri trudd, så det var jo litt morro, sjølv om vi ikkje vant noko!

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *