Dei nordiske jakt- og fiskedagane

Forge tirsdag dura eg og Fredrik, med alle bikkje på slep, nedover (eller blir det meir bortover?) til Elverum, der det var klart for dei nordiske jakt- og firskedagane som skulle starte på torsdagen. Fredrik skulle jobbe på standen til bedrifta han jobbar hos, så då heiv eg meg med. NJFF skulle i tillegg arrangere jakthundutstilling der på laurdagen, så då passa jo det fint og melde på Hera til den.
Når vi var framme på området tirsdag kveld og skulle sette opp teltet til standen, kom der plutseleg ein mann som var ute og lufta katten sin, i sele og line. Var eit par bikkjer i bilen som vart passe ivrige då, ja!

20883875_10159085640095468_1564479134_o

På torsdag gikk startskuddet til messa, men det var ikkje så himla mykje folk. Men stander, det var det nok av. Så i 8 lange timar, vasa eg rundt inne på messeområdet. Fram og tilbake til bilen for lufting av bikkjer, innom ymse stander for og få meg eit raskt overblikk over ting og slikt.

Sidan det ikkje var så mykje og finne på, anna enn og vase rundt der, meldte eg Catania på til VOM dog run. I Elverum hadde dei laga til ei turløype, utan tidtaking, på 2.5 km. Så det vart jo ein fin spasertur ute i finværet. Når vi nærma oss mål, sa dei over høgtalaren «der kommer nr. 4 med en Pinscher!». Rista hardt og brutalt på hode, så då måtte ho igjen sei at det var feil gitt.
Sjølve VOM mannen kom og leverte ut ei lita sammenleggbar skål med vom kjøttbollar i, og spurte litt om kva rase eg hadde, for ein slik hadde han aldri sett og heller aldri hørt om. Og ho som snakka over høgtalaren fikk huka tak i oss også, og lurte på kva rase Catania var, for ho var jo så fin! Ho hadde heller ikkje hørt noko særleg om Etnaen.

20883144_10159085640030468_1482663770_o

Fredagen forsvant i vasing på messeområdet igjen, 8 nye timar. Og sidan vi ikkje har hatt noko særleg til sommar heime, fikk jo nærmast heteslag. Sola steikte og det var varmt(!). Ikkje tenkte eg så mykje på solkrem heller, men til slutt var det berre å lange avgårde til nærmaste butikk og kjøpe, vart litt svidd den dagen, gitt.

Utpå kvelden kom Caroline med typen og ei venninne + tre bikkjer. Dei skulle sove over i hytta vår på campingen.

20841498_10159085639580468_556330230_o

På lørdagen var det klart for utstilling med Hera. Oppmøte var kl. 9, så eg hadde håpt vi skulle vere der i god tid, så både eg og Hera fikk landa litt, men den gang ei. Når vi kom på parkering, græbba eg berre med meg Hera og tinga, så langa eg avgårde ut mot Prestøya. Når vi skulle over brua til øya, nekta Hera plent. Brua var skummel, det var mykje folk og det kom to firhjulingar bak oss. Og eg hadde det travelt, for vi vart i første klassen som skulle i ringen.

Etter at eg slapp firhjulingane forbi og gav ho lenger line, gikk det tåeleg greit. Ho fikk over for eiga maskin. Når vi klarar å finne ringen, er klokka blitt 9, så eg får kasta frå meg tinga, skifta line på Hera og akkurat satt opp campingstolen min, så eg kan hive frå meg solbrillene mine der så dei ikkje skulle bli tråkka på, før vi blir ropt inn i ringen.
Hera var stressa og den einaste som sto og nibjeffa i ringen. Godbitane ensa ho ikkje, og alt var berre surr. Ekkelt å vise tenner, ekkelt å bli mål og blæh.

Når alle hadde vert gjennom tannvisning, måling og sprunge eit par rundar samla, var det ut og vente på vår «single» tur i ringen. På den tida leikte vi litt og fikk landa ein smule.
Men når vi skulle inn igjen i ringen, var ho ikkje særleg på lenger. Ingen bjeffing, men når vi skulle springe eit par rundar, fant ho brått ut at ho skulle leike. Så ho hoppa og spratt og skulle bite i beina. Og å stå ville ho heller ikkje, var kun forkusert på eit par bikkjer utafor ringen. Men kritikken var fin fordiom, med beskjed om at ho var i «litt for godt hold» noko eg ikkje heilt kan skjøne, for om vi skal slanke ho meir, er det berre skinn og bein igjen på ho. Men dommaren sa også at ho var ei ekstremt fin tispe, når vi skulle gå ut av ringen.

Kritikk:
«Veldig god type. Noe lett hode. Mørke, pene øyne. Velplasserte ører. Utmerket overlinje og hale. Noe løs i fronten og lett benstamme, ellers gode bevegelser. Flott pels og farge. Korrekt bitt.
VG.»

Var samme dommar som dømte søndagen på Dombås utstillinga, så kritikkane er meir eller mindre identiske faktisk. Men fikk ikkje kommentar på at ho burde dusjast denne gangen då, woho! Dusja ho for to veker sidan :p

20840044_10159083980595468_492890393_o

Når vi var ferdige, vart Hera lagt i bilen og eg tok ut Catania etter ei stund. Var eit hav med folk der den dagen, så det vart litt trangt enkelte plassar. Og når vi seinare sto i matkø, havna eit par av dei som jobba med dogrun, bak oss. Dei lurte på om det var vi som hadde vert med på dogrun, for dei hadde vist diskutert/snakka om Catania dagen før.

Hadde meldt på til dogrun på lørdagen også, men då med Hera, så ho fikk litt sosial- og miljøtrening. Og det gikk veldig bra. På brua, som ho tidlegare på dagen hadde vegra seg for og gå over, gikk ho igjen over utan problem. Men bru nummer to, som var ei hengebru, den var griseskummel. Ho nærmast kraup over i slow motion, la seg ned enkelte plassar og likte seg overhode ikkje. Kanskje ikkje så rart, for spesielt når joggarane kom i retur, gynga brua så innmari at til og med eg sleit med å fote meg. Men over kom vi, både den eine og andre vegen!

Så det var ei kort, men lang, veke på Elverum. Med lange dagar, mykje folk og mange bikkjer.

20861239_10159083979425468_2040206100_o
Tundra, Zito og Hera, klare for VOM dogrun.

20861099_10159083979905468_190985325_o

20883647_10159083979570468_751140223_o
Godt å legge seg i bilen igjen!

20883594_10159085639525468_1981125593_o
Catania tok livet med knusande ro. Her hadde vi satt oss ned for og ete litt.

20861117_10159085640325468_2011944050_o
Fenris var for det meste i bilen.

20862270_10159085640230468_1244541063_o
Greit å bli pakka inn litt, den eine dagen det regna og var kjølig ute.

20840229_10159085640165468_95384447_n

20841559_10159085639920468_898769043_o
Tilbake i hytta etter ein lang dag på messe, då er det greit å få komme under dyna.

20841530_10159085640265468_1156565800_o
Ute og spaserar litt på messeområdet. Kunne ønske vi hadde litt meir av den naturen her på vestlandet.

20841493_10159085639590468_1828959200_o
Morgenlufting i Rena med Hera. Gikk i forvegen og vart plukka opp av Fredrik etter ei tid.

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *