Første besøk i Sunnfjord Hundepark – Del 1

Ein hundepark har lenge vert etterspurt i områda rundt her, men det har aldri blitt noko av. Før no. Eit par ute i Eikefjorden, mellom Førde og Florø, har starta opp ein privat hundepark: Sunnfjord hundepark. Offisiell opning er ikkje før 1. august, då all utskifting av gjerder skal vere ferdig, men sidan dei annonserte med at eit av områda var ferdige, booka eg og Birthe tid der på torsdag.

Vel framme fikk vi ei omvisning på området. Gjennom ein port og inn på det største området. Gjennom ein ny port og inn på området i midten, som var det minste. Gjennom enda ein ny port og inn på siste området, der vi skulle vere. Det var på 8 mål, med delvis ulendt terreng og grensar til sjøen. Fikk høre om ein hund som pleide å svømme rundt gjerdet og trudde han var fri, men er vist eit par gjerder til han må gjennom før friheten er der, gitt!

Tilbake til bilen og ta ut bikkjene.
Pleier alltid få dårleg samvittighet for at eg aldri tek med meg Fenris på tur, men eg verken orkar eller taklar nesten 30kg hund som drar i alle retningar på langtur. Men til hundeparken fikk han sjølvsagt vere med! Dog med langline, stolar ikkje 100% på at han ikkje skal finne på noko tull, som å prøve og stikke av…
På eit tidspunkt såg det ut til at han var truande til å hoppe på sjøen og svømme rundt gjerdet. Så gikk han bort til porten og prøvde presse litt på den.

Vel inne på «vårt» område, slapp vi alle bikkjene. 2 Dvergdachs, 2 Elgbikkjer og 1 Etnahund. Og ein ting er sikkert, man ser tydeleg når Catania ikkje har fått springe laus på ei stund. Ho tok fullstendig av, sprang rundt som ein gal og fikk nok ut litt av overskuddsenergien sin.
Fenris forsvant oppover mot der det var meir ulent, Hera og Flipp starta herje mens Rime prøvde henge med på lasset.

Så sånn gikk det. Fem stykk bikkjer som verkeleg storkoste seg med litt etterlengta frihet, leik og morro. Ingen tvil om at vi skal tilbake dit.

Hundepark Mini_3973
Fenris undersøker fluktmulighetene :p

Hundepark Mini_3977

Hundepark Mini_3981

Hundepark Mini_3986

Hundepark Mini_3999
Fine lille Rime.

Hundepark Mini_4020
Flipp tok ein «flippover»

Hundepark Mini_4031

Hundepark Mini_4036

Hundepark Mini_4044

Hundepark Mini_4051

Hundepark Mini_4052

Hundepark Mini_4069

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *