Dobbel elghundutstilling på Dombås

Dombås Mini_3960

Når Fredrik var ferdig på jobb på fredag, pakka vi i bilen og kjørte rett til Dombås. Der hadde vi meldt Hera på til dobbel elghundutstilling.
Vi var framme ved motellet vi skulle bu på i helga, rundt midnatt. Så det vart seint i seng, men sidan vi ikkje hadde oppmøte før klokka var 10, skulle vi no få sove nokre timar. Trudde vi… Vi glømte igjen buret til Hera, og så vart det litt bråk i bilen, så ho og Catania fikk ligge inne med oss første natta. Hera er ein makk som ødelegger ting, så ho holdt Fredrik våken ein del.

Og når klokka nærma seg 06 på morgonkvisten, starta nabobikkjene eit helsikens leven! Var ei dame som hadde rommet som låg vegg i vegg med «hytta» vi budde i, og der var veldig lite lydisolering der. Ikkje nok med bjeffinga, som aldri tok slutt, starta ho å smelle med dørene… Så då var det berre å stå opp, gardinene på motellet var ikkje akkurat så veldig lystette heller.
Heldigvis for oss, reiste ho den morgonen.

Dombås Mini_3884

Vel framme på utstillingsområdet vart det ein god del venting, før det var vår tur. Hera var litt «all over the place», så eg trente litt med ho for og få ho litt på nett igjen. Skulle eg sikkert aldri gjort, for ho var ikkje mykje på nett i ringen den dagen.
Når det først var juniorklassen sin tur, var det alle inn i ringen, springe ein runde eller to, så tannvisning og måling etter tur og orden. Når det var gjort, skulle vi gå ein og ein, så mens ein ekvipasje var inne, sto alle andre rundt omkring og venta. Vi fikk dog beskjed om at vi sjølv måtte passe på når det var vår tur.
Så når han foran oss var ferdig, gikk eg inn i ringen. Dommaren vart då SÅ sur, fordi eg hadde gått inn frå «feil plass», og langa høglytt ut om kor mykje unødvendig tid det kom til og ta når alle skulle gjere sånn. Personleg trur eg ikkje det tek så mykje lenger tid, så lenge folk står klare…

Hera vart jo også målt til 2 cm mindre enn på NKK Bergen, der ho vart mål til 50 cm. Mens på søndagen vart ho målt til 48 cm. Måling er artige greier, haha!
Vi møtte også oppdretter der, og han var fornøgd med resultatet.

Lørdagen var det Gudbrandsdal elghundklubb som arrangerte, og resultater ser du under.

«48 cm. Utmerket helhet. Fint uttrykk, en aning runde øyne, aning store ører. Lang lend over kryss og hale. En aning tung uten å bli for tung i kryss. Åpne vinkler i skulder og gjennom handled. Godt vinklet, passe benstamme, tilstrekkelig stramme poter. Trang hase. Pendlende i front.»

Resultat: Very Good

Dombås Mini_3901

På søndagen gikk det heile mykje raskare, til tross for omtrent like mange påmeldte som dagen før. Vart under 1 time med venting, så det var jo veldig greit.
Så med mindre venting og kun litt oppvarming rett før, gikk eg med ein hund som var litt meir PÅ enn lørdagen.

Neste utstilling blir på Elverum i august, så får prøve trene litt meir fram til dess. Spesielt på halen, som ho lett slepper i ringen, for det er jo sååå kjedeleg når vi må stå i ro!

Søndagen vart arrangert av Jotunfjell – Fjordane elghundklubb, og resultater ser du under.

«49 cm. Middels stor, veldig god type. Noe lett hode, vakre øyne, velplasserte ører. Kort, sterk kropp. Utmerket hale. Noe lett benstamme. Beveger seg bra. Pels uten anmerkning. Farge kunne vært noe renere. Korrekt bitt.»

Resultat: Very Good

Dombås Mini_3934

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *