Motivasjon

18926319_10158686362855468_916728603_o
Er fint å berre nyte livet utan å tenke på mentaltrening heile tida også.

Alt for lenge har motivasjonen min for hundetrening vert på bunn. Litt kjedeleg med tanke på at vi har hatt ein kvalp i hus, kunne jo lært ho så mykje i løpet av tida! Men med ein stigande motivasjon, lærevillig unghund på straks 1 år og ein superklar Catania, så kan det blir ein spennande sommar.

Eg er litt der at eg ønsker å ha noko og trene mot. Det vere seg til dømes eit stevne, så eg har eit mål vi kan prøve og nå. Mulig motivasjonen har gått litt i bunn sidan eg tenker Catania er ferdig med konkurranselydighet. Mykje fordi ho ikkje er komfortabel med tannvisning, og – akkurat no – fordi vi ikkje lenger har alle øvelsane inne heller.

Rally-lydighet derimot, er noko eg har tenkt på lenge. I 2016 meldte eg meg på eit RL kurs klubben skulle ha, men fordi instruktøren vart sjuk, vart kurset avlyst. Nytt kurs vart arrangert i år, men på samme helg som NKK Bergen, så då fikk eg ikkje vert med der heller. Einaste grunnen til at eg helst ønsker eit kurs, er jo for å lære skilta skikkeleg og få ei innføring frå nokon som kan det her, både teoretisk og i praksis. Men etter å ha fått høre det i frå så mange at, i vert fall Catania, burde ha null problem med og gå RL1, så fikk eg surra meg til å kjøpe ei lamineringsmaskin. Så no er skilta printa ut, laminert og klare til bruk.

Gikk kjapt gjennom skilta med Catania, og eg skjønar at den som kjem til og slite mest, er nok meg. Haha!

Men i sommar får eg prøve og få til ein del RL trening med Catania, så eg kan prøve melde ho på til klasse 1 i august. Då er det dobbelt RL-stevne på Nordfjordeid, men får sjå om eg melder på til begge dagar eller kun eine dagen.

Tenkte også eg skulle prøve og få Hera klar til den tid. Då i rekrutt klassen. Ho er på god veg til å kunne utgangsstilling, så må vi berre friske opp i sitt og dekk. I følge ho sjølv, så betyr dekk nemleg at ho skal hoppe rundt som ein tulling og bjeffe… Må berre få kobla dei riktige koblingane i haude hennar, så kan det hende ho hugsar korleis det skulle gjerast igjen.


Kanskje ikkje det vanlegaste tospannet man ser.

Sånn ellers, så har vi begynt og sykle med bikkjene igjen. Fredrik med Fenris i springer, og eg med Catania og Hera i front.
Første sykkelturen med Catania og Hera, var eg i forkant heilt sikker på at det kom til og gå rett vest. At Fredrik burde ha 113 klar på telefonen og den slags. Men bikkjene overraska veldig. Fredrik sykla først for og få framdrift i «smådamene», og det kan eg vel skrive under på at det vart og! Hera er ikkje meir enn snart 1 år, så ønsker ikkje at ho skal trekke så innmari enda, men Catania gønna på som aldri før, la seg i selen til og med.
Skikkeleg morro. Sjølv om Catania til tider får litt ekstra vekt og slepe på, når Hera ikkje alltid gidder holde følge, men det kjem seg nok når ho får opp kondisen litt.

 

19105187_10158722656435468_1915864944_o

Categories: Ukategorisert

2 comments

  • Lill-Iren

    Så gøy at dere prøver dere i rallylydighet! Meld på begge dagene 🙂 Det er så fort gjort å gjøre en liten tullefeil som fører til disk og at da er det veldig greit å få en sjanse til dagen etterpå. Dessuten kommer du til å lære mye av å se på alle deltakerne den første dagen så da kan du mye mer til dag 2. Jeg har heller aldri gått noe kurs og lærer noe nytt hver gang jeg ser på andre på stevne. Da ser du hva andre gjør og hva som er greit og hva som fører til disk 🙂

    • Catania

      Ja, kanskje det er like greit og melde på begge dagar. Einaste minuset er om det er ute og det regnar, Catania er jo «allergisk» mot regn :p
      Har heldigvis litt kjentfolk som trenar RL, så eg masar vel hol i haude på dei snart om alt mulig. Men absolutt best å lære ved og sjå på eit stevne irl 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *