NKK Bergen

NKK Bergen Mini_3820

21. April kjørte eg og Fredrik, med alle bikkjene, nedover til Bergen. Dagen etter var det nemleg NKK Bergen som stod på planen, der Hera skulle vere med på si første offisielle utstilling.

Sidan vi var seint framme hos svigers, vart det også veldig seint i seng. Så det var forferdeleg tungt og stå opp gryande tidleg på laurdags morgonen.
Svigermor følte for og vere igjen heime, så då fikk Fenris og Catania vere der sammen med ho. Men å vere aleine om og slepe med seg to stykk mannfolk (Fredrik og svigerfar) som ikkje er utstillingsvante til ei stor hundeutstilling, det er ikkje nødvendigvis like enkelt… Spesielt ikkje for meg som helst skulle kjørt avgårde lenge før dei (og gjerne meg sjølv) er klar.

Vi kom oss avgårde i grei tid, dog ikkje grei nok til og få parkeringsplass oppe ved sjølve hallen før det vart fullt, men vi fant oss ein ok plass fordiom. Då var det berre å slepe med seg tinga, Hera og Ronja, og finne ein plass ved ringen.

Vart ein del venting, men til tross for det og at det var ein heil del meir folk og bikkjer i hallen der enn det var når vi fikk kvalpeshow på Stord, så syns eg Hera tok det heile med stor ro. Ho låg for det meste i ro i buret sitt, og når det nærma seg vår tur i ringen og eg tok ho ut av buret og sto der og småtrippa, la ho seg ned og tok livet med ro.

NKK Bergen Mini_3845

Vel inne i ringen, syns eg ho oppførte seg veldig fint. Sto og holdt kontakten fint, hyggeleg mot dommer og jobba i grunn veldig bra. Svigerfar gikk forran oss med Ronja, så det vart litt venting når dei holdt på, og då mista Hera halen litt. Kjedeleg og vente må skjøne, sjølv om eg prøvde og jobbe med ho.

Når det var vår tur, sprang vi nokre rundar, ho viste tennene fint og stod fint når dommaren kom med målestokken og skulle måle ho. Det er noko ho aldri har vert ute for før, men det tok ho på strak pote.

Resultatet var Very Good, men med ein fin kritikk og skryt av dommar for at eg jobba så bra med ho. Det er litt morro, sidan det er så mange år sidan sist eg stilte hund!

Kritikken:
«50 cm, 10 mnd. Samlet tispe. Hodet trenger å bli større for og passe til hennes kropp. Vel plasserte ører, korrekt bitt. Behøver med volum i kropp. Rette seg ut over krysset og vokse seg til, gjelder benstamme og muskulatur. Bra pigment på neseparti. Lav hale, tett ringlet. Trivelig temperament. Behøver utvikle rørsler og spenst. Herlig temperament.»

Dommar: Hans Almgren

NKK Bergen Mini_3839

Categories: Trening og stevner

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *