Påsketur til Valdres

Etter jobb forge onsdag, var det ein kjapp tur heimom for og pakke i bilen før vi vendte nasa i retning Fagernes. Vi tenkte ta med oss nokre skankar og litt blod, så når eg var nede i frysen for og hente det, oppdaga eg at døra på fryseskapet så vidt var litt open. Så med andre ord, var alt inni begynt og tine. Så då var det berre å hive alt over i ein anna frysar. Enda godt det vart oppdaga før vi reiste og ikkje etter at vi var komt heim igjen!

Så fram til laurdag tilbrakte vi tida på på fjellet, på hytta til mine svigersbesteforeldre (er det noko som heiter det?). Svigers reiste heim igjen på fredags morgen, så ellers var vi der med svigersbesteforeldre og eit glimt av både søskenbarn, tante og onkel på sambuar si side. Masse folk, med andre ord, men er greit det også.

Når vi skulle pakke ut av bilen etter at vi var framme, onsdags kveld, oppdaga eg at eg hadde klart og gløyme igjen både kobbelet og halsbåndet til Catania. Sånn går det når man har ei bikkje som ellers pleier og gå laus, då spesielt til og frå bilen… Men eg hadde med 2 selar til ho, pluss eg fikk Ronja sin gamle sele, sidan den passa til Catania. Så når vi skulle ut og spankulere, gjorde vi det så enkelt at Hera fikk gå i langline, mens Catania fikk kobbelet hennar.
Ellers er hyttetomta gjerda inn, så då fikk til og med begge dei to små bøllefrøa springe skikkeleg i frå seg også.

Når vi skulle heim igjen på laurdag var vi nær med å ikkje komme oss avgårde. Håndbrekket på bilen hadde låst seg, og med slike nyare bilar med ein knapp til håndbrekk, så er det ikkje berre berre.
Men etter prøving med å koble frå minuspolen på batteriet, ta av bakdekket på sida brekket hadde låst seg på og hamre laus, så sto vi der fortsatt. Vart ein del telefonar fram og tilbake til pappa, og einaste muligheten for at vi skulle klare komme oss avgårde med eigen bil, var å komme seg delvis under bilen og skru ut noke greier som var gåent for å manuelt få fjerna håndbrekket på den sida bak.
Det vart ringt til redningsbil i håp om at dei hadde riktig verktøy til jobben, og evt. kanskje kunne hjelpe til, men det viset seg jo at dei har ingen verktøy og tørr ikkje hjelpe til med slikt.
Men som den flinke sambuaren eg har, så fikk han løyst problemet etter litt improvisering av verktøy og med pappa til å forklare over telefon.

Så vi kom oss heim igjen. Muligens noko sprø og ko-ko i haudet av alarmen som plinga i bortimot 5 timar, på grunn av håndbrekket som var kobla i frå.

Søndagen reiste vi på middagsbesøk hos pappa og på mandag reiste vi på middagsbesøk hos mamma. Så vi har eigentleg ikkje fått noko særleg tid for oss sjølv i påska, kun farta rundt.
Og no til helga er det NKK utstilling i Bergen, så då er det påan igjen.

Slenger med eit lite knippe bilder frå påska vår i Valdres.

Påske Mini_3686

Påske Mini_3687

Påske Mini_3695
Gått opp masse i vekt, blitt heile 13.5 kg!

Påske Mini_3696

Påske Mini_3708

Påske Mini_3712
Ronja.

Påske Mini_3717
Ronja.

Påske Mini_3722
Ronja.

Påske Mini_3729

Påske Mini_3732

Påske Mini_3772

Påske Mini_3784
Ronja, eigentrening til NKK Bergen :p

Påske1 Mini_3717
Ronja.

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *