Ringtrening

16804290_10154356320042215_1050714069235906955_o
Foto: Birthe Tveiten

Etter ei noko mislykka blodsportrening med Hera på søndag, kjørte eg og Birthe til ridehallen på Nydal som vi hadde fått leige for litt ringtrening. Veldig mange som meldte interesse for treninga når vi prøvde avtale tidspunkt, men som normalt, var det særs få som møtte opp.
Vi var til saman fire stykk; ein Dvergdachs, Whippet, Norsk elghund grå og ein Finsk lapphund.

Men man treng ikkje vere så mange for og få til ei effektiv treningsøkt, og spesielt for Hera sin del, føler eg det vart bra. Er lenge sidan vi har fått trent skikkeleg til utstilling, så ho har blitt litt «snusete», og det vil eg gjerne ha vekk. I tillegg må det trenast på at ho skal stå fint, tannvisning og bli klådd på av fremmede.

Det fine med slike økter saman med andre, er konstruktiv kritikk til kva som kan gjerast annleis. Eg som er vandt med hundar man gjerne bør gå med, har no fått beskjed om og økte tempoet til lett jogging for og få meir driv i Hera. Puuh, slikt blir det trim av når man skal springe runde etter runde!
Men med litt meir trening, satsar eg på at vi blir klare til NKK i Bergen, 22. april.

Er litt inne på tanken på og stille Catania igjen. På grunn av operasjonsarra på begge knea og den litt for krøllete halen, reknar eg ikkje med at det blir noko plassering. Så eg er i grunn kun ute etter ein kritikk for og sjå korleis ho er eksteriørmessig i forholdhold til rasen. Hadde vert morro, trur eg.
Blir nok ikkje før til hausten, når klubben her skal arrangere utstilling igjen, då blir det ikkje så lang reiseveg heller.

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *