Blodsportrening med liten og stor

I dag kom vi oss endeleg i gang med blodsportrening med Hera, på høg tid kanskje, sidan ho snart er 8 mnd. allerede! Birthe la ut eit lett spor til ho i dag tidleg, så det ikkje fikk så lang liggetid sidan det er første gong. I tillegg er det minusgrader og sol, som igjen kan gjere sporet litt vanskeleg på grunn av lite vitring.

Eg fikk vist ho sporstart og ho gikk fint avgårde. Ho markerte på ein godt synleg bloddråpe etter eit par meter og fortsatte fint litt til, før ho datt heilt av lasset. Då vart det i grunn berre masse surr, så måtte ho jo sjølvsagt drite litt også… Men ho gikk, ironisk nok, rundt skanken som låg lett synleg på bakken.
Når ho først fant den, viste ho lite interesse for den, så var å gi masse ros og leike med litt med den. Jaktinstinktet slo seg etterkvart på, så då var den mykje kjekkare. Men må trene litt på bytting ser eg, for når ho «våkna» var ho slettes ikkje så villeg til å gi den tilbake til meg, vart litt brumming då, ja.

Fenris var også med, så då fikk eg prøvd og gå eit spor med han også. Når eg har gått etter Fredrik og Fenris når dei har trent på blodspor, har eg alltid blitt hengande langt etter, pesande som ein kval. Og i dag fikk eg sjølv kjenne at eg er alt for treng for stakars Fenris!
Men eg syns han var flink. Går ein del tråkk i området, så han tok overvær etter hjorten ein del gangar, men når han først jobba i blodsporet, var det veldig tydeleg.

Skanken var ikkje Fenris så veldig interessert i. Han sleika litt på den, før han tusla bort til nokre snøflekkar der han kunne rulle og kose seg. Endeleg nokon som fortsatt har snø!

Så no får vi prøve og trene ein god del framover, så vi får meldt Hera på til ei blodsporprøve eller to.

Blodspor Mini_3276

Blodspor Mini_3292

Blodspor Mini_3319

Blodspor Mini_3326

Blodspor Mini_3339

Blodspor Mini_3348

Blodspor Mini_3355

Blodspor Mini_3359

 

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *