Tidenes utsikt frå Nyken!

I dag gikk turen til Nyken, som ligg på Skei i Jølster. Ein kan enten velge og gå heilt nede i frå hovedvegen, eller gjere som oss; betale bommen og kjøre opp til dammen i Fossheimsdalen. Eller vi fikk ikkje kjørt heilt opp, på grunn av svært ruglete is, men heldigvis var der ein utkjørsel så vi fikk parkert rundt 400 meter i frå dammen.

Vel oppe ved dammen var der kun eit kart som førte til eit anna fjell. Nyken låg i motsatt retning, men kvar var eigentleg stien? Vi spurte ein eldre kar som kom trakkande oppover på holka, så vi i vert fall skulle vere litt meir sikre på at det var riktig fjell vi hadde «sett oss ut».
Og utan sti, men kun med røde brøytestikker som merking, traska vi avgårde på tjukk skaresnø.

Det skal seiast at det ikkje alltid er like enkelt og få auge på ei einsleg, raud brøytestikke, som gjerne også er delt i to og knapt nok stikker opp av all snøen. Og vi kom vel også fram til det at vi mest sansynleg fulte ei ski løype, for med tanke på at det gikk opp, opp og enda meir opp, så minna det ikkje heilt om kartet på ut.no. Men pytt-sann! Vi hadde begge gode kjettingbroddar, så opp kom vi oss. Utan dei, hadde vi nok berre kunna snudd, for det var ekstremt glatt oppover. Bikkjene hadde til tider problemer, og Catania måtte ha skubbehjelp opp den eine bakken.

Vel oppe på toppen, vart vi først møtt av skiltet. Vi fortsatte litt lenger fram mot ein kant, og der opna alt seg. Trur ikkje vi har vert på eit fjell enda, som har ei så fantastisk utstikt som det her!
Kanskje ikkje så rart at mange meinar det er den finaste utsikta ein kan få i frå skei, til tross for at det er eit relativt lite fjell og ein kort tur? Vi brukte rundt 45 minutt opp til toppen, og det er ikkje lenger enn 1 km frå dammen og opp!. Vil tru vi hadde korta ned tida ein del på sommarstid, når det er enklare og gå.

Nyken Mini_2993

Nyken Mini_3000

Nyken Mini_3002

Nyken Mini_3007

Nyken Mini_3013

Nyken Mini_3016

Nyken Mini_3019

Nyken Mini_3024
Det her var så mykje enklare når Hera var lita!

Nyken Mini_3022

Nyken Mini_3025

Nyken Mini_3034

Nyken Mini_3042

Nyken Mini_3045

 

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *